Nyheter

Seminar om etablering og drift av konsertscener

RKØ inviterer arrangørar innan alle sjangrar til seminar i Oslo laurdag 19.mars.

Seminaret er ei oppfølging av samlinga i Valdres hausten 2010, og er også ope for nye deltakarar.

Programmet for seminaret ser slik ut:

Fredag 18. mars – valfri deltaking

Middag, konsert og mingling – kvelden før arrangørseminar på Riksscenen.

18.00 Middag på restaurant i sentrum.
20.00 Konsert på Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans: Åresong – om vind, sjø og helt umulige jenter. Gabriel Fliflet band.

Laurdag 19. mars – arrangørseminar på Riksscenen kl. 10.30 – 18.00

  • Konsert og kommers på Rudi gard i Gudbrandsdalen. Øystein Rudi (spelemann og kulturgardbrukar)
  • Frå scene til scene – livet på vegen. Jorun Marie Kvernberg (frilansar)
  • Arrangøren som samfunnsbygger og stedsutvikler. Runar Eggesvik (tidl. By:Larm, Trænafestivalen, Dugnad for Haiti og flomofrene med meir)
  • Booking og programbygging på Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans. Helge Skansen (dagleg leiar for Riksscenen)
  • Fargespill – med stjerner i øynene. Ole Hamre (komponist og musikar)
  • Sjangerfri og utan eiga scene. Konsertforeninga Havresekken
  • Paneldebatt: Konsertarrangøren i 2011 – ei oppskrift på fulle hus? Ordstyrer: Arnfinn Bjerkestrand (kulturkampgeneral)

Kl. 19.00 Felles middag.

Deltakaravgift for begge dagar kr. 750,- Dette inkluderer middag og konsert fredag + lunsj og middag laurdag.
Deltakaravgift for berre laurdag kr. 500,-

Påmelding og meir informasjon på www.rytmisknettverk.no. Frist: 15. februar.

Fra forsiden

Nyheter

2019 oppsummert

Østnorsk jazzsenters liv og levnet samlet i årsmeldingen for 2019.