Nyheter

Lytte- og kommunikasjonsleir med Jensen-søstrene

INTERVJU: Ingrid og Christine Jensen lærer ikkje bort storbandmusikk, men improvisasjon, lytting og kommunikasjon.

Ein laurdags kveld i august treffer eg søstrene og jazzmusikarane Ingrid (51) og Christine Jensen (47) i ein hotellobby i Oslo sentrum. Det er første kveld for årets Oslo jazzfestival, og etter ei veke som instruktørar hjå Østnorsk jazzsenter sitt sommarkurs i storbandspel ved Moelv i Hedmark var det no meininga at dei begge skulle bli igjen til mandagen etter og spele ein konsert med The Jensen Sisters Quintet under festivalen. For høvet inkluderte denne kvintetten gitarist Hans Mathisen, bassist Mats Eilertsen og Ingrids ektemann, trommeslagar Jon Wikan, i tillegg til Ingrid på trompet.

På grunn av eit dødsfall i familien blei diverre yngstemann, Christine, som er saxofonist, tvinga til å avbryte noregsbesøket tidleg og reise heim til Canada, og har sine siste timar i Oslo for denne gangen medan vi gjennomfører intervjuet. I Canada er dei oppvaksne i den relativt vesle byen Nainamo, med ei mor som var over gjennomsnittet musikkinteressert.

Lev ut mor sine draumar

– Denne musikken kom naturleg til oss, for det var den musikken som blei spelt heime i stova hjå mor, forklarar Ingrid. – Det var hundrevis av timar med artistar som Oscar Peterson og all mogleg anna jazz på radioen. I tillegg var det ein del klassisk musikk, fortel ho.

– Mora vår var pianist som akkompagnerte kor og underviste ein del. Ho ville nok helst blitt ein profesjonell, utøvande musiker, men det ville seg ikkje slik. På mange måtar lever vi nok ut hennar draumar, fortel Christine.

I dag er dei begge høgt anerkjende jazzmusikarar. Christine har base i Montreal, der ho også underviser på McGill og Sherbrooke universiteta, og i tillegg til sitt eige virke som utøvande musikar har ho også dirigert Orchestre national de jazz de Montréal.

Ingrid har base i New York, og var i si tid den yngste læraren ved Brucknerkonservatoriet i Austerrike. I tillegg til at dei spelar ein heil del saman, står namn som Jeff «Tain» Watts, Bill Stewart, Ben Monder og Donny McCaslin på lista over kollegaer.

Christine og Ingrid Jensen underviste på storbandkurs
Christine og Ingrid Jensen kombinerte spelejobbar med undervisning på sommarkurset på Moelv

I fjor gav dei ut nok eit album saman, Infinitude, med nemnte Ben Monder og Jon Wikan, i tillegg til bassist Fraser Hollins med på laget. Det var også i hovudsak denne musikken som eit par dagar etter vårt intervju blei presentert for publikum hjå Oslo jazzfestival.

Impro- og lytteleir
Men denne gangen er undervisning, og deira virke som storbandleiarar og -komponistar, ein vel så stor del av norgesbesøket som spelejobbar, og begge to verkar særs nøgde etter ei veke med både unge og vaksne, lærelystne nordmenn.

– Det har vore ei veldriven veke, fylt med musikk, som gir deltakarane lyst til å spele meir, fortel Christine. – Eg vonar fleire får nyss om dette tilbodet.

– Det er nesten litt misvisande å kalle det for storbandkurs, for vi har fokusert aller mest på improvisasjon. Og lytting, komposisjon og jazz generelt slår Ingrid fast. – I tillegg er flesteparten av instruktørane bandleiarar og komponistar, ikkje storbanddirigentar. I USA er det meir kultur for reine, tradisjonelle storband, slik som skulekorps og fotball, forklarar ho.

– Her var det eit veldig kunstnarleg fokus, skyt Christine inn. – Vårt mål for denne veka var at vi alle saman tek musikken til ein stad der vi føler ein sterkare kopling til kvarandre. Konserten, der alle får prøve ut dei nye verktya dei har tilegna seg, er ein bonus, meinar ho.

Imponert over deltakarane
Christine set pris på alle som vil spele hennar musikk og jobbe saman med ho, men gir ekstra gode kompliment til norsk kulturliv. – Her er kunst overalt!, seier ho.

– Å få gjere dette i eit land som Noreg, der kunst vert så høgt verdsett, er ekstra stas og dei verdiane syner seg også i deltakarane på kurset. Musikken min kan vere komplisert og villeiande, men det var tydeleg at deltakarane på dette kurset har ei djup forståing av musikk, skryter ho.

– Du hadde til dømes rytmeseksjonen i storbandet, som kom frå ein eldre generasjon og anna tradisjon, og dei fekk ein heil del rytme- og taktskifter å bryne seg på. Men etter ei veke kunne dei verkeleg føle det og vi kommuniserte slik vi skulle, supplerer Ingrid.

Jazz og samspel sto i høgsetet ei intens sommarveke på Storbadkurs 2017
Ein samspelt gjeng på storbandkurs 2017

Kunsten å lytte
Eit viktig poeng for begge to er å få deltakarane til å fri seg frå notane, og berre lytte.

– Lytting er i ferd med å bli ein tapt kunst i våre dagar, seier Ingrid. – Vi stirar ned i ein skjerm medan vi burde vere engasjert ein samtale med dei rundt oss, og trur vi driv med multitasking. Men vi er ikkje fullstendig tilstades, meinar ho.

Jazz og samspel kan vere ein kur mot passivitet og negativitet, meinar dei, også med eit nikk mot den politiske utviklinga i USA.

– Jazz er fridom. Om du tilegnar deg dei naudsynte språklege dugleikane, og får din eigen aksent kopla på, blir det eit verkty for det gode, påstår Christine.

– Som ei kvit, canadisk dame med skandinaviske røter, føler eg på eit vis at vi besøker denne musikken, og vi latar ikkje som at vi er dei fremste misjonærane for denne musikken. Men eg diggar swing og eg kan få det til å svinge! Alt handlar om fridomen som ligger i den paletten jazzen gjev, held Ingrid fram.

Og slik kunne vi heldt fram, men vi får heller vone det blir fleire kurs og besøk frå Jensen-søstrene i åra som kjem.

Tekst: Olav Øyehaug Opsvik
Alle foto: Ingrid Ytre-Arne

 

Ingrid og Christine Jensen underviste hjå Østnorsk jazzsenter sitt sommarkurs i storbandspel ved Moelv 7.-12. august, og Ingrid Jensen spelte med søstrene sin kvintett under Oslo jazzfestival måndag 14. august.

 

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut - cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!