Nyheter

TERNINGEN ER KASTA

I den femte OJKOS-konserten er det ein av grunnleggjarane som skriv musikken. I fylgje Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid lét det smør frå første prøve.

Næraste nabo over elva, viste det seg. Eg kryssa Akerselva rett ved Rubicons kontor og møtte trombonist og komponist Andreas Rotevatn på Kaffegram. Jacta est alea – nok ein gong vart eg avslørt som for dårleg i kviss og visste ikkje kva tittelen på Rotevatn sitt OJKOS-verk tydde.

Terningen er kasta. Det slo meg at det er søren meg akkurat det vi driv med. Vi har kasta terningen. Både når det gjeld prosjektet OJKOS, og for min eigen del med skriving av eit heilt nytt verk; no set vi opp dei konsertane, jobbar so hardt vi kan med skriving og speling, prøver å interessere publikum og søkjer støtte, så får vi sjå om det blir einar eller seksar.

Rotevatn er nemleg også initiativtakar til OJKOS.

– Vi hadde jo tenkt på ideen ei stund, at vi hadde lyst å skrive musikk for større ensemble. Så fekk vi ideen om å lyse det ut. Ja, sjølvsagt, det gjer vi! Då blir det noko offisielt. Då blir det noko som fleire kan kjenne eigarskap til, og som opnar opp for medlemer som ikkje nødvendigvis er i næraste omgangskrets. Ikkje “mitt” ensemble, men ein institusjon der besetninga skal skiftast ut i løpet av åra. 

Sjølv om ensemblet endå ikkje er eit år gammalt, har dei allereie rukke å ha fem konsertar med splitter ny, norsk musikk.

– Det har vore veldig givande å jobbe med så mykje forskjellig musikk. Når alle skal skrive musikk kvar sin gong, må ein gi alt uansett om det er spot on akkurat det du ville spelt til vanleg. Du kan ikkje sette deg på bakbeina – når det er din musikk som blir spelt får du det tilbake, ikkje sant. 

Rotevatn hadde kick på første gjennomspeling førre tysdag med ensemblet som har litt gjestemusikarar for dette prosjektet: Henrik Lødøen på trommer, Steffen Granly på tuba, Jakob Eri Myhre på trompet, Marie Rotevatn på bassklarinett og Henriette Eilertsen får med seg ein ekstra fløytist i Rakel Paulsen.

– Det lét smør, ass. Eg gleder meg skikkelig, sjølv om det samtidig er veldig nervepirrande – men sånn er det vel å vere midt i eit terningkast? 

Det er ikkje første gong Rotevatn skriv for storband. NMH-storbandet fire gongar, Buskerud og Vestfold Ungdomsstorband.

Kan du seie noko korleis musikken lét?

– Eg har eit mål om at den skal vere tilgjengelig, innbydande å høyre på utan at det blir banalt. At den skal ha djupn, men likevel kommunisere med publikum. Dei komponistane eg likar best får til nettopp det. Gil Evans, Igor Stravinskij, Frank Zappa… Rod Temperton, han som har skrive musikken for Michael Jackson. Det er musikk som på eit vis kan høyrest enkel ut på overflata, men blir meir og meir komplekst dess meir du høyrer på det. Og Miles sjølvsagt. Eg diggar instrumenteringa og Gil Evans sine arr på Porgy & bess og Sketches of Spain, for eksempel.

Rotevatn slapp i 2016 si debutplate med soloprosjektet Aeaoea, pop surrealisme, eit resultat av mastergraden i utøvende musikkteknologi ved NMH . Dei siste åra har han mellom anna spelt med Evelina Petrova Trio, Ytre Suløen Jassensemble, Cezinando og Razika. 

– Det verste er om folk kjedar seg. Ein må tenke litt på kva publikum treng etter kvar låt. Tenke litt psykologi.

Som ein DJ?

Ja, DJ er eigentleg ei god samanlikning. Settlista er ekstremt viktig. Ytre-Suløen er veldig opptekne av det og brukar lang tid på å sette opp settlista. Ein skal ha litt respekt for at folk har valgt akkurat din konsert av alle 1000 vala ein har i denne byen.

Og akkurat publikumet på Victoria er både ei velsigning og ei kjelde til nervar.

– Det er eit ekstremt lyttande publikum, det er kanskje det diggaste med å spele på Victoria. Folk går dit for å høyre på musikk, ikkje berre for å drikke øl…Men også litt stressande at folk som går der er kjennarar, musikarar gjerne. Dei får det med seg om noko er slapt. Og når vi har jobba hardt – det blir ikkje perler for svin. Mest digg altså.

Så om du ikkje er svin – møt opp tysdag 26. Mars, klokka 20:00 (dørene opnar 19:00).

Berre dagar etter konserten, går OJKOS i studio med Jacta est alea. Vi held øyrene opne for terningspelet.

Tekst/foto: Torkjell Hovland

www.nasjonaljazzscene.no/arrangement/ojkos-spiller-andreas-rotevatn/

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Sol Léna–Schroll

Den franske saksofonisten Sol Léna-Schroll har teke med seg trioen til hans første verk for OJKOS - og lagar soleis ei musikalsk foreining mellom det franske og det norske.