Nyheter

Oslo 14 med to urpremierer

Eric Egan og Tine Surel Lange har skrive to nye verk til Oslo 14. Eitt klanglegg dei undertrykte stemmene og eitt brukar stjernebilete for å gi retning til Jens Bjørneboe.


Fredag 13. desember klokka 20 i Biermannsgården får du høyre vokalensemblet Oslo 14 framføre to nye verk. Gjennom Ny Musikks Komponistgruppe har Oslo 14 blitt kopla opp mot komponistane Tine Surel Lange og Eric Egan. Vi tok ein prat med Tine og Egan om den nye musikken.

– Lytting er hovudkjernen i alt eg gjer
Komponisten Tine Surel Lange bur i Lofoten, er ein del av, og har sitte i styret til Ny Musikks Komponistgruppe.
– NMK har vore veldig viktig for meg. Det gir så mange moglegheiter for å teste ut ulike ting og bli introdusert for scenen i Norge. Eg trur det er fint for begge sider – musikarane blir kjent med komponistar dei ikkje hadde blitt kjent med elles.

Tine har skrive fleire verk for Alpaca Ensemble, Asamisimasa m.a. gjennom NMK. Ein ting er gjennomgåande: – Lytting er hovudkjernen i alt eg gjer. Eg trur at dei omgjevnadene ein er i når ein lyttar formar opplevinga du får. I tillegg til alle opplevingane og erfaringane du har med deg inn i det. Eg likar å jobbe med å manipulere lyttaren, skape eit rom for lyttaren som er nær det eg vil at lyttaren skal oppleve.

I verket “En tale” framhevar Tine dei undertrykte stemmene: – Det er ei dekonstruering av ord og setningar som skjer i løpet av verket. Gjennom heile verket blir solistane frista til å seie noko, men då tek koret over og overdøyver slik at berre ordet “jeg” står igjen. Dei får ikkje sagt det dei vil seie.

– Kommunikasjon er det viktigaste verktyet vi har, men kan også vere det største våpenet vi har. alt kan skje eller ikkje skje som følge av kommunikasjon. Det er fascinerande at noko så fredelig som ei stemme kan ha så stor makt, men også kan gi så stor avmakt.

Tine er norsk, har vokst opp i Danmark, og bur no i Noreg. Dette har gjort ho interessert i språkleg identitet: – Det er så mykje identitet i språk. Min aksent i Norge er farga av det danske, men i Danmark er den farga av det norske. Eg kan ikkje snakke mitt morsmål perfekt.

Tine ville ha frie rammer for lydutforskinga til Oslo 14, samtidig som det har sterke kontekstuelle rammer. Kvar songar i Oslo 14 sin identitet får skine gjennom, paradoksalt nok når stemmene på eit vis blir undertrykt. – Songarane spurte om dei skulle bruke si dialekt eller seie det på normert bokmål. Sjølvsagt skulle dei gjere det – det framhevar berre dei unike stemmene.

– Eg jobbar mykje med elektroakustisk musikk og då har eg full kontroll. Det er ein enorm forskjell når ein jobbar med musikarar. Då har ein eit ekstra ledd. Men det virkar som dei forstod det med ein gong. Med mine verk er tradisjonelle notebilete sjeldant. For meg er det som om vi skulle gjort dette intervjuet på latin – det er mykje enklare å gjere det på norsk. Så eg må finne eit nytt språk for kvar gong som kommuniserer verket best.

– Så i motsetnad til solistane i verket føler iallefall eg meg høyrt, ler Tine.

Eric Skytterholm Egan, foto: Dave Jerrett

“Skyggene omkring”
Eric Egan bur i dag i England der han mellom anna underviser ved Durham University. Men det var eigentleg ikkje planen: – Eg budde i Noreg fram til eg var 20 år. Men dei siste åra har eg budd i England. Men som med mange midlertidige ting så varte det og varte.

Egan har vore med i NMK i seks år og det er godt mogleg verket med Oslo 14 blir det siste som del av gruppa: – Eg synst det var veldig artig det dei held på med. Eg jobbar mykje med musikk der alt er 100% notert, så eg synst det var ei fin moglegheit til å jobbe med meir opne ting.

I verket “Skyggene omkring” har Egan teke utgangspunkt i andre bind frå Bestialitetens historie, “Kruttårnet”. – Mykje av musikken eg skriv tek utgangspunkt i litteratur. Eg har lest Bestialitetens historie i mange år og skrive fleire verk basert på den boka, mellom anna for Telemark Kammerorkester. Men i alt det grusomme i den boka, har eg like ofte teke tak i det positive eller inspirerande delane.

Tittelen frå verket er henta frå ei scene der dei to karakterane i boka er ute i skogen og har teke LSD. “Jeg følte en svak svimmelhet og frøs litt over ryggen. Lyset og farvene og solen og skyggene omkring meg tiltok i styrke” – og så ser han opp på stjernehimmelen.
– Så då tok eg utgangspunkt i stjernehimmelen. Eg såg på 14 av våre næraste stjerner, og såg på korleis dei plasserer seg i himmelen. Så partituret tek utgangspunkt i både i måten karakteren går djupare og djupare inn i seg sjølv, og desse stjernene som bevegar seg lenger og lenger vekk frå oss. Desse ulike måtane å sjå verda på – både det veldig innadvendte og utadvendte.

Korleis jobba du med teksten – lydane i orda?

– Det er brutt opp alt sammen, så det er veldig lite konkret tekst. Alle konsonantane og vokalane er frå Bjørneboe si tekst, men det er ikkje til å kjenne igjen.
– Folk spør jo ofte om kva som er poenget med å bruke tekst om ein ikkje kan høyre det. Men det er ein viss estetikk i teksten. Og tankar og idear, ei stemning i teksta som kan gjere at utøvarane syng det på ein viss måte.

Ettersom Egan nettopp har fått barn nummer to, har ikkje han vore tilstades på prøvene sjølv. – Men etter det eg har høyrt, virkar det som dei har skjønt kva eg var ute etter.
– Eg prøvar å skrive til dei eg jobbar med. Men samtidig er det viktig å seie at no som det er skrive er reisa vidare like mykje deira som mi. Eg kjem med kommentarar på opptak og slikt, men med mindre det er heilt annleis enn det eg ville, så er det jo uansett deira stykke no.

Tekst: Torkjell Hovland


Oslo 14:
Andreas Backer – kunstnerisk leder
Margrete Skretting Bergset
Petter Hauglum Bermingrud
Hanna Nydal
Ingrid Dyrnes Svendsen
Eva B. Storrusten
Birte Slettevoll
Bendik Sells

Konsert:
Fredag 13. Desember kl 20
Biermannsgården, Maridalsveien 78, Oslo
Bill kr 150/80
Norsk kulturråd har gitt tilskudd til komposisjonene

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut - cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!