Intervju

OJKOS spelar Lyder Øvreås Røed

Tirsdag 28. september, kl 20.00 skal det vuggast hardt til grooven frå Lyder og OJKOS på Nasjonal Jazzscene. Vi tok ein kjapp prat med Lyder ein time før pressekonferansen der statsministeren brått opna landet igjen – KOM DEG PÅ KONSERT!

Gratulerer med singelslepp!
– Takk!

Gjenopninga er her! Det er nesten uvirkelig, men lite er meir passande enn å gå på konserten til OJKOS og Lyder for å kjenne på den nyvunne konsertfridomen!

Lyder tek med seg nesten heile Fieh til OJKOS på tysdag:
– Eg har spelt utrulig mykje med Fieh dei siste åra, og så har eg drive på med mykje min jazz, no ville eg smelte dei to verdene saman.

Første singelen frå prosjektet, Thoughtful Driver vart slept førre fredag og har ein søt, naiv og optimistisk grunntone.
Du slår meg som ein som er glad i melodiar – stemmer det?
– Ja, det er det som naturleg kjem til meg. Hovudgreia mi her har vore å lage konsise låtar der kompet lét tøft, liksom. Eg har spelt inn alle låtane heime og sendt det til Sofie og så har ho sunge oppå. Eg har prøvd å tilpasse det veldig til henne, eigentleg – det blir jo eit slags samspel, sjølvsagt.

Tekstane er skrive av Sofie Tollefsbøl, men etter samtalar mellom ho og Lyder. Eit tema som kom opp var – kva er greia med alle desse folka som er så opptekne av sin eigen fridom heile tida?
– Thoughtful Driver er eit slags stikk til antivaxers og sånne folk. Ei anna låt handlar om nettroll, og ei om sexsalg på nettet…så det er mykje slikt som har vore gøy å jobbe med.

Lyder har fått med seg Lars Horntveth som produsent i dette verket, og skal også produsere den komande innspelinga: – Eg hadde jo eigentleg skrive ferdig musikken til mars i år, men no har vi sett gjennom all musikken på ny. Lars har sett ein del på instrumentering og gitt eit perspektiv utanfrå som har vore veldig verdifullt.

Horntveth er også produsent på den komande plata med Fieh som kjem våren 2022. Fieh nærmar seg kanskje også meir mot den retninga som dette OJKOS-prosjektet går?
– Ja, på den nye Fieh-plata er det ganske mykje blås eg har arrangert. Det er stort, stryk og full pakke.

Melodiar, ja – men kjærleiken for digge lydar og nostalgiske lydbilete skin gjennom i alt Lyder tek i:
– Her er eg er inspirert av mykje musikk for stort ensemble, men også mykje 70-80-tals ting, og ein del feite Peter Gabriel-ting frå 80-talet for eksempel.

(Peter Gabriel er ein gøy lyttevinkel å lytte til OJKOS-konserten på!)

Det blir mange retoriske spørsmål her, men, skitt au: Du høyrest ut som ein fyr som er glad i å flikke på detaljar i musikken?
– Hehe. Ja, det trur eg kanskje alle i Ojkos har til felles. Det blir ofte mykje – opplever at første lytt er veldig hektisk. Kanskje får lyttaren ei motsatt oppleving av det eg får. Sånn som på Thoughtful Driver – det lét som eit lite band i starten, men så opnar liksom heile orkesteret seg etterkvart.

Lyder sin musikk skil seg kanskje ekstra mykje ut i bunken av OJKOS-komposisjonar som har kome desse åra:
– Det er veldig gøy at OJKOS har eit enormt mangfold, det er sjukt stor forskjell mellom komponistane. Det kan hende at mange har inntrykk av OJKOS som eit sånn «noteband», men det er gøy å komme med noko musikk som er noko heilt anna

Og framover?
– Eg skal på ein liten Englandsturné med Terje Isungset no, og så har vi konsert med min eigen kvintett på Kampenjazz. Og Bankok Lingo har spelt inn ei ny skive, og den sparkar ganske bra, altså! Vi hadde ei fantastisk veke i Bergen der vi spelte på Nattjazz og spelte inn ny plate. Då fekk vi liksom ut masse innesperra korona-spelebehov.

Ja, det blir jo spennande med den pressekonferansen om ein times tid…skal vel mykje til at dei rekk å opne før konserten på tirsdag. Det er jo ein konsert ein vil i det minste stå å vugge litt til.
– Ja, shit det kan skje no, ja – det hadde jo vore gull…

Og jammen skjedde det! Kom dokke på Victoria og dans til Lyder og resten av OJKOS partyensemble!

Høyr singelen Thoughtful Driver her:

Tekst: Torkjell Hovland


Konsert: OJKOS spiller: Lyder Øvreås Røed

tirsdag 28. sept. kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 150 / 100

Sofie Tollefsbøl – vokal
Lyder Øvreås Røed – trompet
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Andreas Rotevatn – trombone
Magnus Murphy Joelson – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Henriette Eilertsen – fløyte
Camilla Hole -saksofon
Tina Lægreid Olsen – saksofon
Knut Kvifte Nesheim – vibrafon
Arne Martin Nybo – gitar
Jørgen Kasbo – gitar
Edvard Synnes – keys
Alexander Hoholm – bass
Ola Øverby – trommer

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd og Oslo kommune.

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut - cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!