Nyheter

Oslo jazzensemble og Ola Kvernberg på turné

Tysdag tek dei musikken frå opninga av Oslo jazzfestival 2021 med ut på turné til Olavshallen i Trondheim, Sortland jazzfestival og Hemnesjazz.

Han vert hylla av kritikarar og publikum for konsertar og utgjevingar. Saman med Oslo jazzensemble leverte han eit tingingsverk der konsertmeldarar ikkje har høyrt han betre. No kan du oppleve Oslo jazzensemble og Ola Kvernberg – det ypperste jazzlandet har å by på.

Virtuositet får ny meining gjennom Ola Kvernberg. Det er ikkje berre det teknisk fascinerande, men i Ola Kvernberg sitt spel betyr virtuositet ei evne til å formidle musikk gjennom fela og ut i stadig nye lydlandskap som komponist. Han har blitt ein yndling blant filmskaparar for hans musikalske kjenslespekter, og gjennom et utall konsertar har musikken hans treft eit publikum langt utanfor den gjengse jazzlyttar.

Då han fekk i oppdrag av Oslo Jazzfestival å komponere eit verk for Oslo jazzensemble tok han med komposisjonspalletten for første gong til eit jazzorkesterformat – verket “Ballroom” vart urframført under opninga av fjorårets Oslojazz til ståande applaus.

“Kan ikke huske å ha hørt Ola Kvernberg bedre”, skreiv kritikar Arild Andersen i Aftenposten etter konserten. Det seier sitt.

I tillegg har saksofonist og komponist Martin Myhre Olsen arrangert versjonar av favorittar frå Kvernberg-katalogen og utgjevingane “Liarbird” og “Mechanical Fair”. Begge utgjevingar som markerte ei ny fase i Ola Kvernbergs musikalske karriere der triospelet fekk symfoniske vingar og nærast definerte ein ny Kvernbergsk sound prega av romantiske melodiar i fargerik instrumentering.

Oslo jazzensemble består av landets ypperste musikarar på sine instrument. Musikarar som til saman nettopp har ei enorm breidde i uttrykk og musikalske personlegdom – og dette utnyttar Kvernberg til det fulle.

Når Ola Kvernberg med Steamdome i bagasjen får uttrykk gjennom Oslo jazzensemble som kjem rett frå konsertar med Maria Schneider, så blir det nok ein eksplosjon!

Medverkande:

Ola Kvernberg, solist og komponist
Even Kruse Skatrud, musikalsk leiar

Frank Brodahl, trompet
Marius Haltli, trompet
Anders Eriksson, trompet, flygelhorn
Martin Myhre Olsen, sopran- og altsaksofon
Børge-Are Halvorsen, fløyter og altsaksofon
Atle Nymo, tenorsaksofon og bassklarinett
Tina Lægreid Olsen, barytonsaksofon og bassklarinett
Even Kruse Skatrud, trombone og sousafon
Nilas Granseth, trombone
Martha Eikemo Andersen, basstrombone
Anders Aarum, piano og keys
Kalle Moberg, akkordeon
Jens Thoresen, gitar
Trygve Waldemar Fiske, bass
Erik Nylander, trommer
Thor-Ivar Lund, lyddesign

Turné:

Trondheim Olavshallen, Lille sal, tirsdag 20. september kl. 19.00
Sortland jazzfestival Kulturfabrikken, onsdag 21. september kl. 19.30 
Hemnesjazz Jernvaren, Hemnesberget, torsdag 22 september kl. 20.00

Oslo jazzensemble driftast av Østnorsk jazzsenter med tilskot frå Norsk kulturråd.

Fra forsiden

Nyheter

OJKOS søker nye medlemar

OJKOS er eit komponist-kollektiv for skapande utøvarar, der kvart medlem skriv og får framført sin musikk mot å spele andre sine verk. No opnar vi opp for søknader for å fylle ledige plassar i ensemblet i to puljer fra hausten 2023 og våren 2024.

Nyheter

Påmeldingen er herved åpnet!

Nyvinningen Jazzkurs 2023 blir garantert tettpakket med samspill og musikk nærmest døgnet rundt, når jazzpedagogene Shannon Mowday, Gunnar Halle og Steffen Granly inviterer unge musikanter fra hele landet til fem dagers intens jazzcamp i juni.