Nyheter

OJKOS søker nye medlemar

OJKOS er eit komponist-kollektiv for skapande utøvarar, der kvart medlem skriv og får framført sin musikk mot å spele andre sine verk. No opnar vi opp for søknader for å fylle ledige plassar i ensemblet i to puljer fra hausten 2023 og våren 2024.

Vi søker i denne omgang etter alle instrument.

Søkaren må vere fødd i 1993 eller seinare.
Søkaren kan ikkje vere under grunnutdanning (bachelor) ved oppstart.
Søkaren må kunne vise til god kompetanse både som musikar og som komponist, og bør ha ferdigheiter innan improvisasjon og samspel.
Engasjement i tilknyting til drift av bandet samt ferdigheiter på biinstrument kan spele positivt inn på søknaden.

I OJKOS får du vere med i eit band med høgt kunstnerisk nivå, høg aktivitet, ein fast konsertserie på Victoria Nasjonal Jazzscene og ambisiøse planar. Til no har bandet spelt 10 konsertar i året og gjort fleire plateinnspelingar. OJKOS er meint som eit prosjekt for profesjonelle komponistar/utøvarar i etableringsfasen og ein får tilbod om å vere ein del av bandet i inntil 5 år før ein må gje plassen vidare til neste generasjon.

OJKOS ynskjer å vera eit inkluderandre orkester med god kjønnsbalanse.

OJKOS kan tilby honorerte konsertar og subsidierte Tono-midlar til komponisten. Bandet finansierast av Østnorsk jazzsenter, med konsertinntekter fra m.a. Nasjonal jazzscene. I tillegg har vi so langt motteke konsert-, innspelings- og bestillingsverktilskot fra Norsk kulturråd, Oslo kommune m.fl. Alle medlemar i OJKOS får komponere bestillingsverk til bandet.

Søknadsfrist: 7. mars 2023, du får svar innan 1. april.
Send kort tekst om din motivasjon for å bli medlem + CV, relevante lydopptak (og evt. partitur) som viser deg som komponist OG utøvar til audun@ostnorskjazzsenter.no

Spørsmål kan rettast til Audun Ellingsen, produsent i Østnorsk jazzsenter: 91545182

OJKOS på Nasjonal Jazzscene 2022, foto: Kat Gade

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut - cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!