Nyheter

OJKOS spelar Maria Dybbroe

Maria Dybbroe har invitert med seg sitt faste band Caktus inn i sitt OJKOS-prosjekt. Gjennom ei kompakt øvingshelg skal Maria Dybbroes første verk for Ojkos formast. Vi tok ein prat etter første øving, det første møtet.

Av Torkjell Hovland

– Det var superkult! Det er veldig spennande å høyre musikken blir spelt for første gong, fordi alle dei tankane eg har gjort meg frå før om klangar, og klangfargar, spenning og avspenning. Eg har jo skrive det ned på notar, og visualisert det, men det er først når det blir spelt at det blir musikk. Og då bidreg kvar enkelt musikar med sin kreativitet, dei høyrer andre ting enn meg. Det blir ein samtale.

Maria Dybbroe er ein dansk saksofonist, klarinettist og komponist, som har busett seg i Oslo. Ho var mellom anna i 2021 nominert til «Årets komponist» under den danske spellemannsutdelinga. Maria har studert ved Det Jyske Musikkonservatorium i Aarhus og Norges Musikkhøgskole.

Ho har vore med i OJKOS eit år no. Dette er første konserten med hennar musikk for det store ensemblet.

I musikken vi får høyre på tysdag har Dybbroe prøvd å utnytte ytterpunkta i orkesteret.

– Eg er oppteken av melodiar. Det er melodiane som formar korleis ein pustar, energien og dynamikken.

Kontrabass og saksofon spelar også i ytterkanten av spekteret, som også gir muligheit til å låte stort. I Caktus har kvart enkelt instrument mykje plass til å spele på heile spekteret av instrumentet.

– Samtidig blir det då mulig for kvar enkelt i OJKOS å gjere mindre ting kvar.

Kva blir du inspirert av?

– Det er ofte visuelt – når eg skriv musikk så forestiller eg meg sterkt nokre visuelle bilder for mitt indre auge, som har ein lyd ved seg som kjem ut i komposisjonen. Og i møte med orkesteret får eg visualiseringar som leiar meg på rett veg med kor musikken skal.

Musikk er stemningar for Maria, og stemningar kjem av opplevingar:

– Nokre av stykka har også stadsspesifikke namn som er knytte til stemningar på dei stadane.

Eit av desse er Fornebu, der Maria badar både sommar og vinter.

– Spesielt på vinteren kjem ein i snakk med mange der. Dette stykket skreiv eg akkurat etter ei ulykke som hadde skjedd der. Isbading kan jo vere farleg, men samtidig så er det det beste eg veit, der eg verkeleg føler meg i live.

– Dette tosidige er noko eg strebar etter i musikken.

Andre gongar kan det vere tekst. Gjerne ei tekst som publikum ikkje får høyre:

– Med ei av tekstane her, så kom melodien naturleg frå teksten eg skreiv. Så det blir ein anna vinkel til musikken enn det visuelle.

Korleis har det vore å vere med i OJKOS dette året?

– Det er superkult at ensemblet er så fleksibelt at vi kan gå inn i dei vidt forskjellige uttrykka som kvar komponist viser. Som utøvar lærer eg også veldig mykje av å spele alt dette.

– I tillegg har det vore ein fin måte for meg å bli ein del av miljøet i Oslo.

Ho flytta til Oslo for kjærleiken og masterstudiet på NMH for to år sidan. Og ho har tenkt å bli her!

Ser du nokon forskjell på scena i Oslo og København?

– Det openbare er at det er ei mindre musikkscene her enn i København – og det er på godt og vondt. Det gode er at det er meir samla her. Der ein i København ofte spelar for sin subkultur, for eksempel fri-improkonsertar for fri-improfolka, så samarbeider ein gjerne litt meir på tvers her. Den eine dagen spelar du popmusikk, den andre fri-impro. Og den eksperimentelle jazzscene og den eksperimentelle klassiske scenen samarbeidar mykje meir her.

Ho har også tatt del i dansescena og folkemusikken her: – Her har jo alle eit eller anna forhold til folkemusikken, slik er det ikkje i Danmark. Det er veldig gøy!

– Men ein annan forskjell, er at kvar gong eg kjem til København, så møter eg alltid ein musikar eg aldri har høyrt om før, eller ein spelestad som eg aldri visste om – det kjem heile tida nytt. Det er kanskje litt fleire internasjonale musikarar der.

På mandag kjem Caktus også ut med sitt andre album, Flimrende, så konserten på tysdag blir også ei slags feiring av det. Framover skal også Maria på turné med ein friimproviserande trio med den britiske pianisten Pat Thomas og italienske Andrea Giordano som første gong møttest på Blow Out-festivalen. Dei spelar blant anna i Trondheim og Oslo.

Her kan du høyre ein mixtape Maria har laga for SVS Radio med musikk som har inspirert ho.


Konsert: OJKOS spiller: Maria Dybbroe

tirsdag 2. mai kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 200 / 150

Maria Dybbroe – komposisjon & altsaksofon
Camilla Hole – sopransaksofon
Sigrid Aftret – tenorsaksofon & fløyte
Tina Lægreid Olsen – klarinetter & baritonsax
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Arne Martin Nybo – gitar
Thorbjørn Kaas – cello
Frederik Hagner – kontrabass
Aleksander Hoholm – kontrabass
Knut Kvifte Nesheim – trommer
Tobias Andreassen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturråd, Norsk jazzforum og Oslo kommune.

 

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Sol Léna–Schroll

Den franske saksofonisten Sol Léna-Schroll har teke med seg trioen til hans første verk for OJKOS - og lagar soleis ei musikalsk foreining mellom det franske og det norske.