OJKOS er eit komponist-kollektiv for skapande utøvarar, der kvart medlem skriv og får framført sin musikk mot å spele andre sine verk. No opnar vi opp for søknader for å fylle to ledige plassar i ensemblet fra hausten 2024.
Vi søker i denne omgang etter alle instrument utanom bass, gitar, piano og trommer.
Søkaren må vere fødd i 1994 eller seinare.
Søkaren kan ikkje vere under grunnutdanning (bachelor) ved oppstart. Søkaren må kunne vise til god kompetanse både som musikar og som komponist, og bør ha ferdigheiter innan improvisasjon og samspel. Engasjement i tilknyting til drift av bandet samt ferdigheiter på biinstrument kan spele positivt inn på søknaden.
I OJKOS får du vere med i eit band med høgt kunstnerisk nivå, høg aktivitet, ein fast konsertserie på Victoria Nasjonal Jazzscene og ambisiøse planar. Til no har bandet spelt 10 konsertar i året og gjort fleire plateinnspelingar. OJKOS er meint som eit prosjekt for profesjonelle komponistar/utøvarar i etableringsfasen og ein får tilbod om å vere ein del av bandet i inntil 5 år før ein må gi plassen vidare til neste generasjon.
OJKOS ynskjer å vera eit inkluderandre orkester med god kjønnsbalanse.
OJKOS kan tilby honorerte konsertar og subsidierte Tono-midlar til komponisten. Bandet finansierast av Østnorsk jazzsenter, med konsertinntekter fra m.a. Nasjonal jazzscene. I tillegg har vi so langt motteke konsert-, innspelings- og bestillingsverktilskot fra Norsk kulturfond m.fl. Alle medlemmar i OJKOS får komponere bestillingsverk til bandet.
Søknadsfrist: 15. januar 2024, du får svar innan 15. februar.
Send kort tekst om din motivasjon for å bli medlem + CV, relevante lydopptak (og evt. partitur) som viser deg som komponist OG utøvar til audun(a)ostnorskjazzsenter.no
Spørsmål kan rettast til Audun Ellingsen, produsent i Østnorsk jazzsenter: 91545182