Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut – cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!

Av Torkjell Hovland

– Eg har lenge vore fascinert av orkesteret. Det er så mange innfallsvinklar til å jobbe med musikk på direksjonsutdanninga. Ein får jobbe med så mykje meir enn det tekniske på instrumentet.

Dei siste åra har ho vore vel så mykje innom jazz og impro-samanhengar, og er ikkje nødvendigvis så opptatt av å plassere seg innan for ein bås. For gjennom studiet i direksjon, vart ho fort interessert i fri improvisasjon:

– Etterkvart vart det begrensande å alltid måtte spele det som stod på notane og musikk som «fanst frå før», så gjennom studiet så laga eg for eksempel nokre rekomposisjonar over klassiske verk, der delar av orkesteret improviserte.

Denne tanken er også med vidare i musikken ho no har skrive for OJKOS.

– Det er musikk der det står litt meir på spel, og enkeltmusikarane i orkesteret har ei tydeleg stemme.

– Det har vore vanskelig å skildre denne musikken – det er iallefall vanskeleg å plassere det i ein sjanger. Men det tek utgangspunkt i orkesteret OJKOS, enkeltpersonane og instrumenteringa og klangar som er ganske unik i OJKOS.

Og så er skodespelar og komikar Kristian Bakke Kilde er med som tekstforfattar(!):

– Eg hadde lyst å eksperimentere med kva som skjer om det er lagt opp til at publikum skal ha det gøy på visse tidspunkt ila konserten. Bestillinga mi til han var ganske fri, og tekstutdraga er også ganske frie.

Ho har også plukka frå nokre av hans tekstutdrag og skrive musikk frå den: – Eg finn mykje inspirasjon frå tekst og kjensler som er i den, så nokre gongar så blir ikkje teksten brukt i det heile tatt under konserten, men har likevel vore med i prosessen.

Når vi spør om kva ho er inspirert av i dette verket, så drar ho litt på det, men: – Altså først og fremst er eg inspirert av musikarane i OJKOS. Og så er eg nok inspirert av både den dramatiske klassisk musikken og teater og scenekunst. For eksempel vart eg inspirert då eg såg Lisa Lie sitt Utiseta som jo er veldig fritt i formen.

Då dei lyste ut dei ledige plassane i OJKOS tenkte Andrine at dette var heilt perfekt for ho: – Her får eg gjere veldig mykje forskjellig her – både som cellist, vere med å tolke musikken som lagast. Å både vere ein del av eit orkester, og samtidig vere ei individuell kreativ kraft– det er både fellesskap og individ.

– Så sjølv om det er superstas å skrive musikken denne gongen, så er det veldig inspirerande å vere med på andre sin musikk.

– I tillegg så er det fint at det er såpass langsiktig prosjekt, så ein får vere med å utvikle seg. Så eg er veldig glad for at eg fekk den plassen!


Konsert: OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal

tirsdag 23. april kl 20, dørene åpner 19

Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 220 / 170 / 120

Andrea Silvia Giordano – vokal/elektronikk
Kristian Bakke Kilde – opplesning
Liv Andrea Hauge – piano
Tuva Halse – fiolin
Andrine Dyblie Erdal – cello
Henriette Eilertsen – fløyte
Camilla Hole – saksofon
Maria Dybbroe – saksofon
Richard Köster – trompet
Øyvind Frøberg Mathisen – trompet
Johannes Fosse Solvang – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Martin Lee Thomson – euphonium
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Håkon Huldt Nystrøm – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Musikk av Andrine Dyblie Erdal, tekst av Kristian Bakke Kilde

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden