Nyheter

OJKOS søker nye medlemmar!

OJKOS er eit komponist-kollektiv for skapande utøvarar, der kvart medlem skriv og får framført sin musikk mot å spele andre sine verk. Vi søker no etter to nye medlemmar med oppstart i januar 2025: ein bassist og ein plass som er open for alle instrument utanom gitar og trommer.

Søkaren må vere fødd i 1995 eller seinare.
Søkaren kan ikkje vere under grunnutdanning (bachelor) ved oppstart. Søkaren må kunne vise til god kompetanse både som musikar og som komponist, og bør ha ferdigheiter innan improvisasjon og samspel. Engasjement i tilknyting til drift av bandet kan spele positivt inn på søknaden.

I OJKOS får du vere med i eit band med høgt kunstnerisk nivå, høg aktivitet, ein fast konsertserie på Victoria Nasjonal Jazzscene og ambisiøse planar. Til no har bandet spelt omlag 10 konsertar i året og gjort fleire plateinnspelingar. OJKOS er meint som eit prosjekt for profesjonelle komponistar/utøvarar i etableringsfasen og ein får tilbod om å vere ein del av bandet i inntil 5 år før ein må gi plassen vidare til neste generasjon.

OJKOS ynskjer å vera eit inkluderandre orkester med god kjønnsbalanse.

OJKOS kan tilby honorerte konsertar. Bandet finansierast av Østnorsk jazzsenter, med konsertinntekter fra m.a. Nasjonal jazzscene. I tillegg har vi so langt motteke konsert-, innspelings- og bestillingsverktilskot fra Norsk kulturråd, Oslo kommune m.fl. Alle medlemmar i OJKOS får komponere bestillingsverk til bandet.

Søknadsfrist: 1. september 2024.
Send kort tekst om din motivasjon for å bli medlem + CV, relevante lydopptak (og evt. partitur) som viser deg som komponist OG utøvar til audun@ostnorskjazzsenter.no

Spørsmål kan rettast til Audun Ellingsen, produsent i Østnorsk jazzsenter: 91545182

Fra forsiden