Intervju

OJKOS spelar Åsmund Perssøn Ødegaard: Foot Pudding

Velkommen til den nye spalta: Viktig tåfis!

Av Torkjell Hovland

Komponist Åsmund Perssøn Ødegaard hoppar mellom fleire ulike musikkmiljø med sin allsidige bakgrunn – han har utdanning innan jazz og samtidsmusikk, og spelar langeleik og folkemusikk, samt har han spelt i metallband og popband. Og i år er han altså eit av OJKOS sine nye tilskot, og «Foot Pudding» blir hans første verk for orkesteret.

Frå kvar hentar du lydmateriale, klangidear, toneverden, kall det kva du vil? 

– Ja, det er frå veldig mange forskjellige stader, svarar Ødegaard. – For eg byrjar fort å kjede meg om eg oppheld meg for lenge i éi musikalsk verd.

Dette høyrer vi også i musikken hans til OJKOS:

– Her får du alt frå reine pling-plong-parti til seinromantiske delar, techno, tidleg 2000-tals hiphop og progjazz. Alt flyt over i kvarandre, så samtidsmusikken får ein groove, og popdelen blir litt samtidsmusikkete.

– Men forsøket er at det heile tida skal låte som seg sjølv, trass alle dei ulike lydbileta.

Til sitt første verk for OJKOS ville han utfordre seg sjølv, ikkje kaste bort sjansen:

– Det er sjeldan ein får skrive slik musikk til store ensemble, særleg etter studietida, sjølv om eg har gjort det ein del før.

– Så eg ville utnytte tida maksimalt, og bestemte meg for å følge nokre reglar som skulle gi meg ei anna tilnærming enn tidlegare. Eg ville for eksempel skrive alt ut, utan repetisjonsteikn. Gjerne med små variasjonar i dei tilfella ting skulle repeterast – alt skulle ha ei meining.

Likevel er det framleis rom for improvisasjon.

Når Ødegaard hoppar mellom fleire musikalske miljø, blir han særleg medviten om deira ulike kodar og reglar: – Eg stiller ofte spørsmål ved kvifor ting må vere som dei er. Eg blir gjerne obsternasig og gjer ting annleis. Eg er ikkje kontrær berre for å vere kontrær, men fordi eg trur vi bør unngå å bli for stivna i normer. Eg trur det er farleg om vi bevegar oss mot fleire og fleire strenge rammer.

Dette gjeld også konsertopplevinga med «Foot pudding»: – Eg vil for eksempel at folk skal kunne gå i baren eller på do når dei vil, sjølv om heile konserten er eitt stykke. Og så har eg innført ei dresskode til orkesteret som er litt utan om det vanlege…

Berre kom å sjå, altså!

Ødegaard er, som du kanskje også skjønar, oppteken av at alt ikkje treng å vere så «seriøst».

– Berre tittelen «Foot Pudding» er gjennomført tullete, noko eg føler ein ofte er redd for i «seriøs» musikk, fortel han.

Ødegaard meiner at kunst, inkludert musikk, ikkje alltid må vere opphøgd eller ha ein alvorleg tematikk: – Eg har ingenting imot at musikk skal ha alvorlige temaer, men det burde òg vere rom for kunst om promp også. Promp har jo eksistert i kunsten lenge – det finst jo for eksempel i Shakespeare. Men eg trur at ein eller annan gong etter femtitalet og framover, så vart den akademiske musikken… det vil seie – kva musikk som har innpass i akademia har jo endra seg i løpet av dei 75 åra…men at den har blitt meir og meir seriøs. Det betyr ikkje at musikk ikkje er viktig. Det er framleis det viktigaste i verda, men at den må opnast for å få plass til alle.

– Kroppen er dessutan eit flott middel til å utfordre oppfatninga om at alt må vere så seriøst heile tida. Det blir straks meir kvardagsleg og tullete, og det er ein god plass å starte, seier Ødegaard.

Seinare i haust står også Perssønn Ødegaard på scenen med langeleik på Caféteateret i ein konsert som har fått namnet «Langeleik fra Hælvete».

– Langeleik er eit veldig stillferdig instrument, særleg den eg har. Men eg hadde lyst å løfte det opp, blant anna med utstrakt bruk av nærmikrofonar, blant anna. Løfte det opp

Forresten, vil du høyre prompehumor i musikk? Sjekk ut Ødegaards «Jeg må prompe» på Spotify.

Og ei veke etter OJKOS-konserten, kjem det ei ny plate frå Perssønn Ødegaard, som kan kjøpast på førehand under konserten!

Til slutt føyer han til at: – Ojkos er et eksempel på vellukka musikkpolitikk. At ein investerer i at unge, kompetente musikarar skal få vere kreative, fordi ein ser verdien av den kreative arenaen. Og at det ikkje styrast av musikken si kommersielle og/eller akademiske verdi. Nettopp difor kan vi ta tåfis på det største alvor i 80 minutt!


Konsert: OJKOS spiller: Åsmund Perssønn Ødegaards «Foot Pudding»

tirsdag 24. september kl 20, dørene åpner 19

Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 280 / 230 / 180

Åsmund Perssønn Ødegaard – komponist og dirigent
Audun Rørmark – fiolin
Andrine Erdal – cello
Camilla Hole – saksofon
Maria Dybbroe – saksofon
Tina Lægreid Olsen – saksofon
Ville Lähteenmäki – klarinett
Jonathan Sandqvist – kontrafagott
Øyvind Mathisen – trompet
Jørgen Bjelkerud – trombone
Eirik Østenstad Sanner – eufonium
Andrea Giordano – elektronikk
Matias Christoffersen – piano
Håkon Huldt-Nystrøm – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyhet

Ella-prisen til Kari Grete Jacobsen

Daglig leder i Østnorsk jazzsenter, Kari Grete Jacobsen, ble i går kveld hedret med Oslo Jazzfestivals Ella-pris. Hun mottar prisen for sitt brennende og smittende engasjement for jazzens vilkår, for store og små arrangører, musikere og for barn og unge, uttaler festivalen.