Trompetist Øyvind Mathisen har blitt inspirert av både Lennie Tristano og Gustav Mahler i heilt ny musikk til OJKOS.
Av Torkjell Hovland
Mathisen har markert seg på den norske jazzscena gjennom blant andre Get your goat, Øyvindland og som medlem av Cosmic Swing Orchestra, der han også komponerer. Han er ein jazzar.
Men i arbeidet med denne nye musikken til OJKOS, har han lytta ekstra mykje til klassisk musikk.
– Inspirasjonen min i mange av dei andre prosjekta eg har vore med i, har kanskje vore Thelonious Monk, Warne Marsh og Lee Konitz – sånne ting. Dei er framleis med her, men i fjor høyrde eg særleg mykje på komponistar som Mahler, Shostakovich og Stravinsky.
Særleg på den siste satsen av Mahlers niande symfoni gikk på repeat i spelaren til Mathisen. Mahler er kjent for sine Store symfoniar med stor S. Berre den siste satsen varer i 26 minutt.
Den opnar med ein tydeleg melodi du kan synge – og som står aleine.
– Det er noko fint med det å la ein melodi stå slik – aleine, fortel Mathisen, og peikar på korleis dette prinsippet har forma konserten han skal ha saman med OJKOS:
– Konserten byrjar med ein enkel melodi, før motstemmer, understemmer og eit flettverk av nye melodiar dukkar opp.
Stravinsky er også med: – Frå «Vårofferet» har eg henta noko, men ikkje den mest kjente, altså! Ikkje det der «dundundundundun», smiler han.
Han peikar på at mange av desse komponistane har ein tydeleg slektskap til jazzen.
– Stravinsky og Messiaen, for eksempel, har vore sentrale inspirasjonar for jazzmusikarar gjennom heile nittenhundretalet. Dei er nesten jazzarar, eigentleg, seier Mathisen.
Mathisens lytting til klassisk musikk, har jo då også fått konsekvensar for besetninga, og denne gongen består OJKOS av seks strykarar, fagott og kontrafagott – det er jo lyden av klassisk det, vel?
– Det er fint å utvide klangen slik, seier han. – Men dette er jo framleis ein konsert med stort rom for improvisasjonar. Eirik Hegdal har vore ein viktig lærar og inspirasjon for meg på nokre av dei tinga. At vi gjerne begynner med eit tydeleg tema, før det på ein måte går i oppløysing og improvisasjonen tek over. Han har skrive masse musikk som ligg i skjæringspunktet mellom jazz og klassisk.
Korleis har du opplevd OJKOS den tida du har vore med?
– For det første er det veldig fin moglegheit å skrive musikk for eit stort ensemble – og det er jo 75 minutt musikk.
– Og så har det jo vore veldig stor variasjon i uttrykka gjennom desse prosjekta. For eksempel Åsmund sin musikk var jo veldig heftig, moderne, med mykje rytmiske element som rett og slett var ganske vanskelig å spele, mikrotonalitet som eg har gjort lite av – det var intens oppleving å spele det – det hugsar ein!
– Medan Tuva Halse sin musikk var jo meir melodisk og barokkaktig, nordisk – så det blei jo i ei heilt anna retning igjen.
Men denne variasjonen passar perfekt for Øyvind Mathisen:
– Eg vil alltid utforske noko nytt. Det er nesten blitt ei forbanning for meg – eg har alltid ei trang til å finne nye plater som eg aldri har høyrt før. Ser eg gjennom lagra album på spotify, så ser eg jo at det samlar seg opp masse plater eg eigentleg kunne høyrt mykje meir på.
Eg opplever at der er ein akse der nokon er meir glad i det å lage ei plate, eit produkt, medan andre er mest glad i å spele live mest mogleg. Kvar befinner du deg på den aksen?
– Eg synest det er veldig gøy å jobbe med plata og komposisjonen. Men så er det jo litt omvendt i jazzverda i forhold til popverda der popartistar gjerne gir ut musikken og så drar dei ut på turné med den, medan vi i jazzverda har jo gjerne spelt musikken masse live, før vi spelar den inn – og eg håper jo at denne konserten også kan bli spelt inn på eit eller anna vis.
Men først skal altså OJKOS framføre Øyvind Mathisen live på Victoria, og berre så du ikkje blei skremt: – Men det har blitt ganske jazzete, altså – så eg vil ikkje akkurat kalle det eit klassisk verk.
Konsert: OJKOS spiller: Øyvind Mathisen
tirsdag 28. januar kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 280 / 230 / 180
Øyvind Frøberg Mathisen – trompet/komposisjon
Peter Wallem Anundsen – trompet
Martin Lee Thomson – eufonium
Sol Léna-Schroll – saksofon
Ville Lähteenmäki – bassklarinett/fløyte
Jonathan Sandqvist – fagott
Tuva Halse – fiolin
Mathias Liodden – fiolin
Audun Rørmark – fiolin
Ellie Mäkelä – bratsj/mandolin
Andrine Erdal – cello
Wei Ting Tseng – cello
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Gard Kronborg – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer
Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.