Intervju

Sigrid Aftrets illusjonar av puls

Komponist og saksofonist Sigrid Aftret blir trigga av det ho ikkje forstår. OJKOS-medlemmet er årets Jazzstipendiat, og skal urframføre eit verk med Trondheim Jazzorkester under Moldejazz.

Av Torkjell Hovland

Ho har jobba med musikk der pulsen ikkje er gitt – men oppstår i møtet mellom struktur, intuisjon og kollektiv tolking. Med inspirasjon frå Peter Bruun, eige ensemblearbeid og tankar om fleksibel rytmikk frå folkemusikken, utviklar ho no eit nytt verk for Trondheim Jazzorkester.

Kva kan du fortelje oss om musikken så langt?
– Det starta eigentleg med at eg ville jobbe med illusjonar av puls, seier Aftret: – Eg prøver å skrive musikk som gjer at lyttaren kanskje oppfattar noko anna enn det som faktisk skjer – at det oppstår ei rytmisk tvetydigheit.

Kva må skje i musikken for at vi opplever det slik? Og korleis skal musikarane kunne forstå og spele det? Det er det Aftret no prøver å finne ut av.

– Eg er inne i ei skriveperiode – prøver å finne roa til det, rett og slett.

Under eit utvekslingsopphald i Frankrike blei Aftret introdusert for musikk der rytmiske syklusar danna rammeverket – snarare enn harmonikk. Komponistar som Steve Coleman og Doug Hammond – som Coleman spelte med – introduserte ho for ei anna forståing av form:
– At det er rytmiske figurar som kjenneteiknar musikken, heller enn eit harmonisk forløp.

Seinare møtte ho trommeslagar og komponist Peter Bruun i København. Han blei ein viktig samtalepartnar og inspirasjon for dette prosjektet – og deltek også i ensemblet på Moldejazz.
– Då eg høyrde trioen hans, kjende eg meg fascinert og forvirra på same tid. Eg blir ofte trigga av det eg ikkje forstår. Det var noko mystisk, noko ukjent ved det.

Då ho blei gjort merksam på Mulle Holmqvists konsept «reference rhythm», ein metode for å nærme seg polyrytmar på ein meir intuitiv måte, blei nysgjerrigheita på å utforske ikkje berre polyrytmar, men kvart enkelt slag sin eigen natur, vekka.

Det slår meg at du både er metodisk og teoretisk, men også sterkt prega av det intuitive?
– Ja, altså før dette prosjektet jobba eg mykje med meir tradisjonell polyrytmikk. Men no handlar det like mykje om det menneskelege – å strekke litt i slaga, la musikken puste. Det finst kanskje eit slektskap til folkemusikken der, sjølv om eg ikkje har gått systematisk inn i den – meir ideen om at ein kan dra i pulsen etter behov, og at det også kan noterast.

Sigrid Aftret skapar illusjonar av puls, foto: Igor Petaros

– I denne musikken prøver eg å gi rom til musikarane, både til å tolke og påverke musikken medan vi spelar.

Aftret har utvikla sin eigen komposisjonsmetode: Ho startar med rytmiske syklusar med små forskyvingar og strekk i slaga. Ho deler opp pulsslag i åttandedelar og triolar, og manipulerer lengdene for å skape illusjonen av ei jamn – men overraskande – puls:

– Eg lagar rytmiske strukturar som ikkje går heilt opp. Ein slags polyrytme med irregulære slag. Så let eg ein sequencer spele dette, og så speler eg sjølv over det – gjerne på piano eller saksofon – for å kjenne etter korleis det faktisk opplevast.

Ofte startar ho i eit velkjent 4/4-format, for så å overføre materialet til det nye rammeverket.
– Då forskyv tyngdepunkta seg, og melodiane byrjar oppføre seg annleis. Det utfordrar både meg og lyttaren – og det gjer noko med korleis ensemblet spelar saman.

Ho vil skape rom for improvisasjon og spontanitet, også i eit så stort ensemble som Trondheim Jazzorkester.
– Det handlar ikkje berre om å notere alt presist, men å legge til rette for at musikarane får ei kjensle av eigarskap til materialet.

Erfaringar frå OJKOS har vore nyttige i så måte – både som komponist og som musikar.
– OJKOS er spesielt, for vi får så lite prøvetid – så eg har lært å vere både effektiv og nøye. Seks dagar med Trondheim Jazzorkester er luksus i forhold.

Sidan hausten 2023 har Aftret jobba parallelt med fleire prosjekt. Ho har skrive musikk for eit internasjonalt ensemble, No-Notion Octet, med konsert og studioinnspeling, og førebur no både utgjeving og turné.
– Eg fekk litt noia av å ha to store prosjekt samtidig, men det har også gitt meg ein dytt – og viktige erfaringar før dette verket.
I tillegg har ho starta ein ny trio, Jet Trio, – med bass, trommer, synth og saksofon. Etter erfaringa frå bandet Sex Magick Wizards har ho nemleg byrja å bruke meir synth og elektronikk.
– Eg har alltid skrive for større ensemble, så det å lage musikk for trio har fått meg til å tenkje annleis. Det er meir avkledd – men også meir direkte.

– Eg høyrer musikk eg har lyst til å lage – og då må eg berre lære meg dei verktya. Det har vore tilfellet i heile dette prosjektet (journ.anm. med Trondheim Jazzorkester også): Eg høyrer noko – og prøver å finne ut korleis det kan bli til.

Konserten med Trondheim Jazzorkester og Sigrid Aftret kan du oppleve tysdag 14. juli klokka 19 – under Moldejazz.

Fra forsiden

Nyhet

Kulturstipend til Bø

Trombonist Emil Bø er tildelt Drammen kommunes kulturstipend. Bø kombinerer høy teknisk kompetanse med kunstnerisk nysgjerrighet, sier juryen i sin begrunnelse.

Nyhet

Stipend til jazztalent

Pianist og komponist Nikolai Hansli fra Bærum er tildelt et kulturstipend på kr. 100 000. I oktober spiller han prisvinnerkonsert under Bærum Jazzfestival.