– Om musikken min kan kjennast som ein terapisesjon, er eg nøgd, seier komponisten tett innpå framføring av sitt første heilaftans verk for kollektivet OJKOS.
Tekst: Torkjell Hovland
Komponist Andrea Silvia Giordano syng, skriv og arbeider med ulike former for elektronikk. Når ho no for første gong presenterer musikk for OJKOS, er det med eit tydeleg ønske om å utfordre seg sjølv. Ho ville ikkje berre gjere det som kjendes trygt og komfortabelt, men gå utanfor eigen komfortsone.
– Eg vil at publikum skal oppleve noko. Eg ser gjerne konserten som ein terapisesjon.
For Giordano handlar det om å skape ei oppleving for fleire sansar: at lyden skal merkast fysisk, at publikum skal reagera med kropp og medvit, og at dei skal bli overraska.
– Eg hadde eigentleg planar om å bruke lukt òg, men på grunn av reglar let det seg ikkje gjere.
Bakgrunnen hennar er samansett. I prosjektet Àlea har ho hatt med seg musikarar som Kalle Moberg, Ingar Zach, Christian Meaas Svendsen og Joel Ring, i tillegg til italienske kollegaer. Desse møta har sett tydelege spor i musikken ho no har skrive for OJKOS.
Giordano kjem frå Piemonte i Nord-Italia, men har dei siste fem åra budd i Noreg. Her har ho funne eit miljø og ei kulturell tilknyting som opplevast sterkare enn den ho hadde i heimlandet.
– Eg kjenner meg faktisk meir heime kulturelt sett i Noreg enn i Italia.
Samtidig vender ho stadig tilbake til det piemontesiske språket i musikken sin. Piemontesisk er ikkje italiensk, men eit eige språk, nærare fransk og katalansk, brukt av om lag tre millionar menneske.
– Det er språket eg vaks opp med, og det fell naturleg for meg å uttrykkje meg på. Eg synest det er spennande å høyre kva ord som finst, og kva som ikkje finst. Språk blir forma av kulturen.
Når publikum ikkje forstår teksten, blir formidlinga ekstra viktig.
– Då må alt vere tydelegare, slik at innhaldet likevel kjem fram.
I musikken for OJKOS har ho òg teke i bruk spoken word. Det er uvanleg for henne, men denne gongen kom det naturleg.
– Eg ønskjer ikkje å styre kva folk opplever, men eg vil røre dei. Også politisk. Alt er politisk.
Konserten blir delvis improvisert, delvis skrive. Dei faste punkta gjev ein struktur, men det er i samspelet ho finn dei største augeblikka. Giordano hadde nett kome frå Punkt-festivalen og ein konsert med Jan Bang då vi møtte henne.
– Av og til koplar ein seg heilt på eit anna menneske gjennom musikken. Med Jan hadde eg så vidt møtt han før, men då vi byrja å spele, miste eg meg sjølv – og kunne likevel vere fullt og heilt meg sjølv. Slike augeblikk skjer av og til i improvisasjon, og det er ei enorm oppleving.

Tidlegare i år har ho vore på turné i Tyskland og Nederland med støy-punk-gruppa Franxt, og ho har samarbeidd både med musikarar som Eivind Lønning og med biletkunstnarar. Erfaringane frå ulike sjangrar og felt legg seg som lag i uttrykket hennar.
Trur du at kunstnarar i dag må skru volumet ekstra høgt, legge ekstra mykje fargar og kraft i uttrykket for å nå ut? I ei tid der sansane våre blir stimulert kontinuerleg av smarttelefonar for eksempel?
– På ein måte må ein skru opp til 150. Taket flyttar seg. I den elektroniske musikken min prøver eg å overvelte med mengde informasjon, og så kome med ein release. Men eg kan òg bruke stillstand og minimalisme – det kan vere like kraftfullt.
Ho trekkjer fram det å vere del av OJKOS som eit privilegium, både fagleg og sosialt.
– Det er lærerikt å spele med musikarar som er så ulike. Eg må forklare og skrive musikken på ulike måtar for kvar enkelt, for å få fram det eg vil.
Til slutt har ho ei klar oppmoding til publikum:
– Om du går ut og har opplevd noko – kva som helst – berre ikkje ver passiv. Det er målet mitt.
OJKOS spelar Andrea Giordano på Victoria Nasjonal jazzscene tysdag 16. september.
Andrea Giordano – stemme, elektronikk / komposisjon
Tuva Halse – fiolin
Laura M. B. Kumwenda – bratsj
Sol Léna-Schroll – altsaksofon
Maria Dybbroe – altsaksofon & klarinett
Sigrid Aftret – tenorsaksofon & fløyte
Ville Lähteenmäki – bassklarinett
Øyvind Mathisen – trompet
Peter Wallem Anundsen – trompet
Martin Lee Thomson – euphonium
Jørgen Bjelkerud – trombone
Maren Sofie Nyland Johansen – akkordeon
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Gard Kronborg – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer
OJKOS er drive av Østnorsk jazzsenter med støtte frå Norsk kulturråd og Norsk jazzforum.