Intervju

Ut av skuggen med Jørgen Bjelkerud og OJKOS

Trombonisten Jørgen Bjelkerud har skrive sit første tingingsverk. Då nyttar han sjansen til å løfte blikket vårt mot lyset.

Tekst: Torkjell HovlandDå vi får tak i Bjelkerud er det på telefon frå Frankrike, der han var på mini-turné med OJKOS og L’Autre Collectif/Det andre kollektivet – det norsk-franske samarbeidet drive av OJKOS-medlemmar Sol Léna-Schroll og Sigrid Aftret og Andrine Dyblie Erdal.– At vi med hjelp frå Østnorsk jazzsenter kan dra ut og spele denne musikken fleire kveldar på rad i Frankrike er fantastisk – og det påverkar også samspelet i ensemblet. Det er sjeldan at ein også i større ensembleformat få lov til å la musikken utvikle seg, sette seg. Ta oss tid på ulike stader i musikken kvar kveld, og få lov til å tøye strikken.

No på tysdag kjem dei altså tilbake til Victoria med heilt ny musikk:

– I løpet av komposisjonsprosessen har det utvikla seg til eit verk eg har kalla Out of shadow into light, fortel han.

– Det er ei samling av tankar knytte til samtida vi lever i. Eg trur mange kjenner på det same: at vi står i ei ganske mørk tid, med krefter rundt oss som opplevast utanfor vår kontroll. Ein sit med ei kjensle av maktesløyse.

– Når ein ikkje får styrt det store, må ein rette seg mot det ein faktisk kan påverke. Kome seg ut av den mørke bobla, løfte blikket mot noko lyst – og bidra til å gjere livet betre for kvarandre der ein står.

Kva rolle tenkjer du musikken kan spele i ei slik tid?

– Særleg livemusikk er eit ekte møte mellom menneske. Du er i same rom, du deler ei oppleving du ikkje kan repetere. Eg trur det både har ein sosial og ein indre funksjon. Kunst kan hjelpe oss å komme i kontakt med kva vi faktisk tenkjer og føler om det som skjer.

Sjølv om Bjelkerud har skrive for Cosmic Swing Orchestra, Det Nye Norske Storband, NTNU Jazzensemble og liknande før, har han aldri hatt ansvar for heile konserten. Han peikar dessutan på at OJKOS-besetninga ikkje er eit tradisjonelt storband:

– Då må ein finne andre løysingar instrumentasjonsmessig. Det gir andre muligheiter – og stiller andre krav. Eg har først og fremst prøvd å skrive musikk som innbyr til improvisasjon – som skapar rom der musikarane faktisk har lyst til å gripe inn, fortel han.

Inspirert av chilensk cueca og Henry Threadgill
– Dei første idéane kom i januar då eg og kjærasten min var i Chile. Ho er halvt chilensk, og eg møtte hennar familie for første gong. Vi budde to veker på garden til onkelen hennar. Ho jobba med tekstil i eit atelier vi rigga på låven, og eg hadde skriveplass ved sida av.

– Der fekk eg mellom anna tips av Paal Nilssen-Love om å kontakte gitaristen Ramiro Molina, som driv konsertar der. Vi spelte i Santiago og oppsøkte òg tradisjonell chilensk musikk. Eg kom over musikktradisjonen cueca – både musikk og dans.

Sjølv om cueca ikkje vart fletta direkte inn i dette verket, nemner han Henry Threadgill som ein tydeleg inspirasjon:

– Særleg plata Dirt and More Dirt – måten han jobbar med tilstandar og rom, har vore inspirerande. Der liknar OJKOS på dei banda: det er ikkje berre eit ensemble for komponistar, men òg eit kollektiv av sterke solistar.

Arbeidsrommet i Puerto Montt kor dei første idéane til verket vart snikra saman. Foto: Jørgen Bjelkerud.

Med på konserten har har han fått med seg Shannon Mowday som gjestemusikar:

– Det er fantastisk! Ho bidreg på bass-saksofon og kontra-altklarinett, og utvidar treblåsseksjonen nedover i registeret.

Også bassist Gard Kronborg, gjestecellist Joel Ring utgjer eit aktivt basslag. Riff eller figurar i botnen, med komponerte og improviserte lag over.

– Nokre ting kan vere veldig intenst og mørkt, mens andre ting er kanskje meir stilleståande og lyst, skjørt. Kanskje vakkert til tider også. Eg prøvde å leike litt med den kontrasten og bruke for eksempel treblåsseksjonen med fløyter og klarinettar for å skape den kontrasten med det veldig mørke, og det lokomotivet som berre liksom kjøyrer i høg hastigheit gjennom kva enn som måtte stå i vegen. Shadow and light …

Men den største styrken ligg i at ensemblet OJKOS over tid spelar så mykje forskjellig, og slik kjem seg nærmare og nærmare, fortel Bjelkerud. – Vi har tillit til kvarandre og veit at uansett kva som skjer, så lagar vi musikk. Det er jo på ein måte krevande når vi for kvar konsert vi har på Victoria berre har to øvingsdagar. Vi har blitt eit versatilt ensemble og veit at det blir musikk.

Det er ikkje ei sjølvfylgje å kunne halde på slik – tilbake til perspektiva i Frankrike trekk han fram ulikskapen i kulturpolitikken mellom landa:

– Ein kjenner kor privilegerte vi er som kan reise til Frankrike og spele vår eigen musikk – og få betalt for det. Det er ikkje gitt i store delar av verda å kunne halde på slik som eit stort ensemble.

– Musikken har blitt ganske kjensleladd, vil eg seie. – Eg håpar først og fremst at musikken kan opne eit rom der publikum kan stoppe opp og kjenne etter sjølv.


OJKOS speler: Jørgen Bjelkerud på Victoria Nasjonal Jazzscene tyssdag 28. oktober

Jørgen Bjelkerud – trombone Shannon Mowday – kontra-altklarinett, bassaksofon, Andrea Giordano – stemme, elektronikk, Tuva Halse – fiolin, Joel Ring – cello, Sol Léna-Schroll – altsaksofon, Maria Dybbroe – altsaksofon, Sigrid Aftret – tenorsaksofon, Ville Lähteenmäki – bassklarinett, Øyvind Mathisen – trompet, Peter Wallem Anundsen – trompet, Martin Lee Thomson – euphonium, Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar, Gard Kronborg – bass, Trym Saugstad Karlsen – trommer

OJKOS er drive av Østnorsk jazzsenter med støtte frå Norsk kulturråd og Norsk jazzforum.

Fra forsiden