Torsdag står Bendik Sells og Oslo 14 klare i Kampen kyrkje med verket Måneskår. Det handlar om vokalimprovisasjon, eventyrlege lydlandskap – og om å skape rammer der alle bidrar, uansett musikalsk bakgrunn.
Av Torkjell Hovland.
– Eg er ikkje så glad i ordet sjangerfri, men heller sjangerfull, seier Bendik Sells og ler. – I summen av songarane i Oslo 14 sine ulike uttrykk blir det ikkje fritt for sjanger, men fullt av sjangrar.
Oslo 14 har vore eit laboratorium for vokal nyskaping sidan Elin Rosseland starta ensemblet i 2014. Komponist, pianist og songar Bendik Sells blei med i 2017, og tok over som kunstnarisk leiar i 2022.
– På det tidspunktet ville eg auke aktiviteten, og profesjonalisere ensemblet. I periodar har vi hatt lågare intensitet, men jobba med større prosjekt, der vi har fått finansiering til preproduksjon og slikt.
No er det ni faste songarar i Oslo 14. Berre Trondheim Voices deler rolla som regionalt jazzvokalensemble.
Ensemblet består av profesjonelle songarar. Nokre med bakgrunn frå jazz, andre klassisk, andre pop eller eksperimentell musikk. Nokre kjem direkte frå utdanninga, medan andre har vore aktive lenge.
– Sjangerfullt.
Ei reise mellom planetar og månelandskap
Verket Måneskår kallar Sells ei slags lydbok, og å «rekomponere månen». Her samarbeider han tett med komponist og lyddesignar Martin Kvalø i det elektroniske universet, og med songar og blokkfløytist Linnéa Sundfær Casserly.
– Skåra har landa på ulike stadar, men dei ber alltid preg av landskapa dei har landa i. Undervegs oppstår kammersammensetningar, små rom i rommet. Mot slutten set vi saman alle desse måneskåra.
Sells likar å arbeide med slike narrativ når han komponerer:
– Det eventyrlege er nok kanskje eit stikkord for meg. Kanskje ikkje «det var ein gong», men «det var ein song».
– Sånn som Måneskår – det er veldig visuelt for meg.
Verket ber også spor av Sells sitt arbeid med Lasse Thoresens auditiv sonologi gjennom studietida.
– Det handlar kort sagt om å namngje lydar og klangkvalitetar. Er lyden kald eller varm? Litt varmare?
Dette kan gi utgangspunkt for komposisjonane.
Men verket om måne har også inspirasjonar i musikkhistorien.
– Som pianist startar eg ofte i det repertoaret. Om vi lyttar til opninga av Debussys Clair de Lune, for eksempel (han nynnar) – kva klangkvalitetar finst der? Og korleis kan dei møtast i ein vokal kontekst? I Måneskår finst det små motiv og spor frå slike verk, ikkje direkte sitat, men glimt av det, kanskje.
Eit ensemble som medskapande instrument
Som komponist jobbar Sells helst direkte på golvet.
– Eg likar å jobbe høgintensivt i det skapande rommet. Eg ser på musikaren som instrumentet. Mi rolle som komponist er først og fremst å utforske fantasien min. Så må eg finne ut kva kvar einskild utøvar vil spele og høyre. Då må eg spørje: kva har vi lyst til å skape saman?
Sjølv om han har ei meir tradisjonell komponistutdanning, var han tidleg oppteken av å jobbe saman med musikaren.
– Dei er jo improvisasjonsmusikarar, dei som er med i Oslo 14. Så då handlar det om å legge til rette for det – og samtidig forvalte den kunstnariske visjonen for verket.
Ei av metodene Sells og Oslo 14 nyttar, er å diskutere musikalske omgrep: – «Kva er ein musikalsk hale for dykk?» spør eg kanskje. Alle veit intuitivt kva det er – men kor lang? Kva gjer han til eit punktum, og når blir han ei dør inn i noko nytt?
Mykje av musikken blir til gjennom eit slik workshop-format: opptak av improvisasjonar, felles samtale, nye forsøk.
– Andre gongar tek eg styring. Då kjem cues, form, retning. Då blir eg komponist.
Kvifor denne kjærleiken for stemma?
– Så lenge eg kan hugse, har eg vore glad i å lage rare lydar med stemma. Utforske kor annleis stemma kan bli.
Han nemner Ruth Wilhelmine Meyer som eit stort førebilete: – Det er ein fingerspitzgefühl, om vi kan bruke det omgrepet, som er heilt enorm.
– Eg jaktar på lydane i stemma – og på det punktet der vi sluttar å forbinde lyden med ein kropp, og berre høyrer lyden.
Det er her han håper publikum skal oppleve magien.
– Målet er at publikum skal kjenne at dei er i desse ulike verdene, planetane og landskapa i løpet av konserten – utan at det nødvendigvis er akkurat det landskapet eg sjølv hadde tenkt. Og at det oppstår tvil: er dette komponert, eller improvisert? Skjer musikken på grunn av rammene eg har laga, eller skjer det noko heilt anna – av same grunn?
Oslo 14 spelar Måneskår hos Jazz på Kampen i Kampen kyrkje torsdag 27. november.
Gro-Marthe Dickson
Guro Eliassen Kverndokk
Hedda Hammer Myhre
Linn Theresa McDonnell
Linnéa Sundfær Casserly
Martin Kvalø
Petter Hauglum
Una Aurora S. Venås
Bendik Sells (kunstnarisk leiar)
Oslo 14 er drive av Østnorsk jazzsenter. Komponistenes vederlagsfond har bidratt med støtte til komponering av verket Måneskår.