Intervju

OJKOS spelar Gard Kronborg

Når OJKOS opnar året med musikk av Gard Kronborg, møter det lyriske det forstyrrande – i eit uttrykk der naiv melodikk og ein heilt særeigen bass-sound flettar seg tett saman.

Av Torkjell Hovland.

OJKOS har allereie tjuvstarta året med ei improvisert fanfare i den klangfulle trappa på Kunstnernes Hus under All Ears. For komponist og bassist Gard Kronborg blei det ei påminning om kor mykje ensemblet har utvikla seg den siste tida – ikkje minst etter ein tett konsertturné i Frankrike hausten som var.

– Det var fint å spele heilt fritt – vi spelar jo som oftast musikk som er ferdig skrive. Men det flyt naturleg no, særleg etter den turneen.

Kronborg har merka seg ut med sin særeigne bass-sound, frå det karakteristiske bassmuldyret sitt. Bassen oppdaga han under ein interrail-tur på vidaregåande, hjå ein tyrkisk instrumentmakar som lagar kreative hybridinstrument under namnet Safran, i Belgia. Instrumentet kan skildrast som ein kontrabass krympa til gitarformat.
– Eg forelska meg fort i den, og bestilte ein då eg kom heim. På den får eg spelt både kontrabass-tinga eg likar, samtidig som eg kan gjere meir gitaristiske akkordar og stemmeførings-ting. Eg har jo alltid vore glad i Jaco, men ein får jo litt stempel då – og blir litt gal av det. Samtidig får eg brukt nokre av dei fretless-tinga frå han der.

– Eg veit i alle fall om ein annan i Noreg som har akkurat den bassen. Og så har eg sett nokre brasilianarar som brukar det òg – dei har ein eigen tradisjon for det spelet, som eg prøver å jobbe vidare med.

Korleis vil du skildre musikken du har skrive denne gongen?

– Denne konserten er ganske variert når det gjeld både estetisk uttrykk og klangbilete. Ein fellesnemnar er likevel at alle låtane ligg heilt på grensa av det lyriske og tilgjengelege, og har noko mørkt og forstyrrande i seg. Av og til blir nesten naive melodiar kontrasterte med ein ganske metta harmonikk.

Ensemblet har òg ein utvida rytmeseksjon, med Amund Stenøien på vibrafon, Alex Ventling på synth og piano, og Joakim Rainer Petersen på rhodes og synth. Noko nærmar seg synthpop, medan andre parti nesten kan kallast «kvasi-klassiske».

– Eg vokste opp med fusion og det soundet – det var den vegen eg kom inn i jazzen også. Så eg likar synthar. Dei kan gi mykje liv til eit ensemble, særleg i møtet mellom det lyriske og det stygge eller forstyrrande.
– Andre stader er synthen meir brukt for å «beefe opp» det akustiske ensemblet.

Kor stor del er «bassismen» av komponeringa di?
– Eg skriv mykje på bassen, eigentleg. Og så plar eg ofte å synge til, og kome med idear ut frå dei stemmeføringsmoglegheitene som ligg der. Då jobbar eg ganske intuitivt.

– Det er definitivt nokre avgrensingar i det – for eksempel skriv eg sjeldan akkordar med meir enn fire tonar, som er det instrumentet legg til rette for. Men då må eg samtidig vere ekstra spesifikk, og faktisk bruke avgrensingane aktivt.

Tidlegare har ikkje Kronborg skrive musikk for så store ensemble. Prosessen har vore noko overveldande, men innspel frå dei andre i OJKOS har vore viktige.
– Sol Lena-Schroll viste meg Stravinsky si messe, som eg fekk heilt megakick på. Eg prøvde å hente litt estetikk og klang derfrå. Det er òg ei relativt lita besetning med messingblås, så eg har studert det partituret litt, faktisk.
– Og så har Messiaen vore inspirerande, særleg nokre av pianostykka hans.

Kva lyttar du til elles?
– Oi … dei siste månadane har eg eigentleg ikkje høyrt på musikk – berre midigreiene frå Sibelius, hehe.
– Men eg har for eksempel høyrt ein del på Micah Thomas, pianisten til Immanuel Wilkins. Det er ei heilt sjuk blanding av Hindemith og Art Tatum – vilt mykje som skjer, samtidig som det er trygt forankra i eit veldig tydeleg uttrykk.

Kronborg har nok å halde dei musikalske fingrane i, også utanfor OJKOS. Bliss Quintet har eit album rundt hjørnet, Tuva Halse er aktuell med nytt album og turné, i tillegg til Monstera og ulike konstellasjonar med Amund Stenøien – for å nemne noko.

Men først altså: OJKOS spelar Gard Kronborg onsdag 21. januar på Victoria – Nasjonal jazzscene.

Fra forsiden

Nyheter

Meld deg på Jazzkurs 2026!

For fjerde år på rad inviterer Østnorsk jazzsenter til Jazzkurs i regi av Østnorsk jazzsenter, Kråkstad jazz og Kongsberg jazzfestival. Sommerens kurs holdes på Buskerud folkehøgskole fra 25. juni til 1. juli. Kurset avsluttes med en konsert i Kongsberg sentrum under åpningsdagen av Kongsberg jazzfestival.