Østnorsk jazzsenter er et regionalt kompetanse- og produksjonssenter

Megalodon Collective. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Nyheter

Megalodon Collective på Norgesturné med plateslipp

Vinnerne av Jazzintro 2016 er midt i Norgesturneen som tar dem fra Kristiansand i sør til Vadsø i nord.

Av: ostnorskjazzsenter

16.03.2017 Skriv kommentar

Megalodon Collective. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Norgesturneen, i regi av Norsk jazzforum og Østnorsk jazzsenter, er en del av lanseringspakken Megalodon Collecive mottok som Årets unge jazzmusikere 2016. I tillegg fikk bandet Gramo-stipendet på 150 000 kr.

Turné:

4. mars: Oslo, by:Larm – Victoria, Nasjonal jazzscene
9. mars: Arendal, Arendal Kulturhus – Arendal jazzklubb
10. mars: Kristiansand – Kristiansand jazzvesen
15. mars: Trondheim, Dokkhuset scene
16. mars: Hamar, Hamar Teater – Hamar jazzklubb,
17. mars: Bergen, USF Verftet – Bergen jazzforum
18. mars: Stavanger, Spor 5 – Stavanger jazzforum
25. mars: Vadsø, Banken – Vadsø jazzklubb

Se videoteaser for turneen her

Vi har fått skribent Olav Opsvik til å introdusere kollektivet for oss:


Lyden av uanstrengt perfeksjon 

Megalodon Collective - Årets unge jazzmusikere Norgesturné mars 2017

Megalodon Collective – Årets unge jazzmusikere Norgesturné mars 2017


Megalodon Collective brasa inn på den norske jazzscena i 2015 og fekk ein sjeldan, umiddelbar suksess. Med plateslepp og Norgesturne gjennom våren 2017 skal dei Spellemann-nominerte Jazzintrovinnarane vise resten av landet kva alle snakkar om. 

Der er ikkje mangel på dyktige musikarar eller suksessrike grupper på den norske jazzscena. Tvert i mot er det vanskeleg for dei fleste å ha oversikt over alt som rører seg i dag. Men ein sjeldan gang dukkar det opp nokon som tek pusten frå alle og får heile bransjens auge retta mot seg.

Slik var det då dei sju jazzstudentane i Megalodon Collective plutseleg dukka opp på nominasjonslista for Spellemannprisen 2015, mellom namn som Mathias Eick, Kjetil Møster og Eirik Hegdal. Raskt skulle det vise seg at det ikkje berre var Spellemann-juryen som var imponert, og berre seks månadar seinare blei dei kåra til Årets unge jazzmusikere av Norsk jazzforum etter å ha gått til topps i Jazzintro-finala.

Gjennom 2016 har dei turnert festivalar og scener i inn- og utland, og både publikum, kritikarar og kollegaer vert ståande igjen måpande etter kvar konsert. Kva er det med desse unge musikarane som gjer slikt inntrykk?

Kollektiv med faste medlemmar
Historia viser at også initiativtakar og trommeslagar Henrik Lødøen visste at dei sat på noko heilt spesielt frå byrjinga. I utgangspunktet skulle Megalodon Collective vere eit kollektiv i ordets rette forstand: Ei lita kjernegruppe med ytterlegare musikarar som gjerne vert bytta litt på.

Men allereie etter den aller første øvinga, der dei delte ei flaske whisky og alle tok med seg ei låt kvar, var det klart for dei at dette var ein magisk kombinasjon av sterke stemmer.

Sjølv om dei då bestemte seg for å halde på dei opphavlege, faste medlemmane er den kollektive tankegangen tydeleg. Her er kvar einskild stemme like viktig som den neste, og ingen går på kompromiss med sitt eige uttrykk.

Og her ligg nok mykje av nøkkelen til gruppa sin suksess: I Megalodon Collective klarar på mirakuløst vis sju, sterke og kreative stemmer å smelte saman til eitt. Dette er også kjernen i filosofien som driv gruppa: Kan ein septett låte like tett og samspelt som ein trio?

Dei fleste vil nok vere samde i at svaret her er ja. Med to ganske ulike trommeslagarar, og tre minst like særprega saxofonistar skulle ein tru at utfordringane står i kø, men Megalodon Collective får det til å høyrast leikande lett ut å skape nyfiken, open og drivande musikk. Heller enn at dei ulike stemmene kolliderer, utfyller dei kvarandre og skapar ein unik signatur.

Der Lødøen har eit tett, spissfindig uttrykk, vil kanskje hans trommemakkar, Andreas Winther, gjerne late det flyte litt meir. Bassist Aaron Mandelmann har ein stor jobb med to trommeslagarar å spele «mot», men ser mest ut til å synest at dette er dobbel moro.

I sax-rekka vert Martin Myhre Olsens detaljrike, nøyaktige spel kontrastert av Petter Krafts røffe tone og Karl Hjalmar Nybergs lausare tilnærming. Dei ulike stemmene kjem tydeleg fram, men finn også heile tida saman og fungerer som eit einskild, klårt uttrykk.

Brei appell
I tillegg til å gjere seg synlege ved jazzscener og -festivalar i inn og utland, blei Megalodon Collective booka inn til den store Flow-festivalen i Helsinki i 2016. Kva er det med ein norsk jazz-septett som gjer at dei blir booka til ein svær festival, mest prega av pop, inde, rock og hip hop?

Samtidig som kjernepublikumet i jazzmiljøet let seg imponere av friske arrangement og sterke improvisasjonar, inviterer også Megalodon til fest for absolutt alle med fengjande riff og sterke låtar, der kvar enkelt stemme har like stor betydning for heilskapen. Når alt klaffar vert ikkje det tekniske eller teoretiske vesentleg lenger – då kan kven som helst late seg rive med.

På debutplata kan du høyre breie klangtepper og vakre harmoniar på låtar som «Mu», men også beinharde og engasjerande riff på andre låtar som til dømes «Fandango», der gitarist Karl Bjorå leverer ein rocka gitarsolo dei fleste tenåringar kan drøyme seg vekk i. Slik lukkast dei med å tekkast både det typiske jazzpublikumet og eit breiare spekter av lyttarar. Du treng ikkje vere jazz-nørd for å digge Megalodon Collective!

Ensemblets andre plate, Animals, er ute på Jazzland records nå

Ensemblets andre plate, Animals, er ute på Jazzland records

Ny plate og Norgesturné
Når septetten no legg ut på Norgesturné vert også den Spellemann-nominerte debutplata Megalodon fulgt opp av ny plate, Animals, denne gangen på prestisjetunge Jazzland. Energien og nyfikna frå føre plate er tatt vidare her, men gruppa gir også enno meir av det som har gjort dei så gode i utgangspunktet. Her er sterkt samspel og einskilde, kreative stemmer nok ein gang sameint om leikne, røffe låtar.

Dei er enno tettare samansveisa, samtidig som kvar einskild musikar er meir uredd enn nokon gang når det kjem til å spele sine eigne idéar heilt ut. Kjem du deg ut på konsert i vår kan du oppleve lyden av uanstrengt perfeksjon, spelt av sju musikarar som heilt openbart finn enorm glede i kvarandre.

Gruppa har fått ei lang rekke fans dei siste par åra. Men meir enn noko anna er gutane i Megalodon Collective fans av kvarandre. Slik, gjensidig speleglede er frykteleg smittsam!

Olav Opsvik

Skriv kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode