RKØ inviterer arrangørar innan alle sjangrar til seminar i Oslo laurdag 19.mars.
Seminaret er ei oppfølging av samlinga i Valdres hausten 2010, og er også ope for nye deltakarar.
Programmet for seminaret ser slik ut:
Fredag 18. mars – valfri deltaking
Middag, konsert og mingling – kvelden før arrangørseminar på Riksscenen.
18.00 Middag på restaurant i sentrum.
20.00 Konsert på Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans: Åresong – om vind, sjø og helt umulige jenter. Gabriel Fliflet band.
Laurdag 19. mars – arrangørseminar på Riksscenen kl. 10.30 – 18.00
- Konsert og kommers på Rudi gard i Gudbrandsdalen. Øystein Rudi (spelemann og kulturgardbrukar)
- Frå scene til scene – livet på vegen. Jorun Marie Kvernberg (frilansar)
- Arrangøren som samfunnsbygger og stedsutvikler. Runar Eggesvik (tidl. By:Larm, Trænafestivalen, Dugnad for Haiti og flomofrene med meir)
- Booking og programbygging på Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans. Helge Skansen (dagleg leiar for Riksscenen)
- Fargespill – med stjerner i øynene. Ole Hamre (komponist og musikar)
- Sjangerfri og utan eiga scene. Konsertforeninga Havresekken
- Paneldebatt: Konsertarrangøren i 2011 – ei oppskrift på fulle hus? Ordstyrer: Arnfinn Bjerkestrand (kulturkampgeneral)
Kl. 19.00 Felles middag.
Deltakaravgift for begge dagar kr. 750,- Dette inkluderer middag og konsert fredag + lunsj og middag laurdag.
Deltakaravgift for berre laurdag kr. 500,-
Påmelding og meir informasjon på www.rytmisknettverk.no. Frist: 15. februar.