Nyheter

OJKOS klar for ny konsert med splitter ny musikk

FOMO-meteret (Fear Of Missing Out) står på topp til ei kvar tid, men bør peake tysdag 29. januar. På konsert med OJKOS får du høyre noko av det absolutt ferskaste og mest innovative av ny, norsk musikk.

“An orchestra for composing jazz musicians; a collective where the members build their own playing field.” Dette er undertittelen til OJKOS – Orkesteret for jazzkomponister i Oslo. No gjer dei sin tredje konsert på Nasjonal Jazzscene, som også er fast øvingsstad for orkesteret. 

I fjor haust fann ein gjeng meir eller mindre nyutdanna jazzmusikarar ut at dei skulle slå seg i hop og fekk med seg Østnorsk jazzsenter på laget. – (…) samarbeide heller enn å være kanskje fire mer eller mindre identiske band, som ender opp med å konkurrer mot hverandre både om spillejobber og støttepenger, sa Andreas Rotevatn, styreleiar og musikar i OJKOS, til Ballade i haust.

Musikken er skrive av medlemmar frå orkesteret sjølv, og denne gongen får vi musikk frå slagverkarane, Knut Kvifte Nesheim og Michaela Antalova. Vi tok ein prat med dei to om OJKOS og musikken vi får høyre denne kvelden

“Musikken skifter mellom abstrakte lydlandskap, trommesett-inspirerte melodiar og skakke rytmer framført av musikarar oppfordra til å spele både med og mot kvarandre”. Slik skildrar Knut sitt stykke “Da jeg kom inn så var jeg ute”. 

Kva legg du i trommesett-inspirerte melodiar?

Når eg komponerer så hentar eg ofte inspirasjon frå opptak av improvisasjonar eg har gjort på trommene, og eg syntest prosessen med å tonesette og orkestrere ut desse idéane til eit stort ensemble er veldig spennande.

Har de planar om å spele inn musikken?

– Nokre av prosjekta skal spelast inn i etterkant av konsertane i våre. Eg ventar med å høyre live-opptaka av tysdagens konsert før eg bestemmer kva eg skal gjere.

Kva betyr OJKOS for deg – komposisjonsmessig, spelemessig, jobbmessig osv..?

– Det som er veldig fint med å få lov til å vere ein del av OJKOS, er det at eg annankvar veke blir utfordra til å spele nyskrive musikk frå vidt forskjellige komponistar saman med masse kjempeflinke musikarar, i tillegg til at eg sjølvsagt får moglegheit til å teste ut musikken min på mange velviljuge forsøkskaninar!

Er tanken å jobbe med gjesteartistar, ála Trondheim Jazzorkester, eller skal musikken skrivast av medlemmane til ei kvar tid?

I utgangspunktet så skal alle i bandet få moglegheit til å ha ein heil eller halv konsert med OJKOS, og det vil nok alltid vere eit sterkt fokus på spele medlemmane sin musikk, men kven veit kva framtida bringer?

Skal besetninga variere?

– Det er i utgangspunktet ei fast besetning, men i ein travel frilanserkvardag er det sjeldan at alle alle medlemmene kan stille på kvart prosjekt, og då står komponisten fritt til å bestemme vikarar. Det gjer at mange av prosjekta får si unike besetning.

Michaela Antalova vil utforske lyttinga i det store orkesteret i sitt stykke “Nethuns”

– “Nethuns”er eit ord teke frå etruskisk mytologi og tyder vatnets Gud. Det er ein 40 minutt lang komposisjon, fortel ho.

Kva vil du med “Nethuns”?

– Mitt mål då eg komponerte var å bringe fokus på lytting i eit 14-persons orkester. Eg komponerte melodiar og rytmiske delar som er framført av mindre grupper innad i orkesteret. Dette stykket krev ein dirigent som er ansvarleg for heile forma og timingen for kvar del. Nokre delar overlappar kvarandre, medan andre blir spelt på same tid samtidig som det skaper fleire lag. 

Forutan Michaela og Knut får vi på tysdag høyre:

Henriette Eilertsen – fløyte, Signe Emmeluth – saksofon, Julija Morgan – fiolin, Aseta Kulo – harpe, Tina Lægreid Olsen – saksofon, Tancred Heyerdahl Husø – trompet, Richard Köster – trompet, Magnus Murphy Joelson – trombone, Andreas Rotevatn – trombone, Johannes Fosse Solvang – trombone, Mike McCormick – gitar, Kristoffer Fossheim Håvik – piano, Alexander Hoholm – bass.

Det er for tida eit overveldande, uoverkomeleg konserttilbud – spesielt i hovudstaden. FOMO-meteret (Fear Of Missing Out) står på topp til ei kvar tid, men bør peake på tysdag. På konsert med OJKOS får du høyre noko av det absolutt ferskaste og innovative av ny norsk musikk.

Møt opp tysdag 29. januar på Victoria, Nasjonal jazzscene kl. 20:00! 

Eventet på Facebook

 

Tekst: Torkjell Hovland

Fra forsiden

Nyheter

Håpar det ikkje lét som eit storband

Til OJKOS sin fjerde konsert er det trompetist Lyder Øvreås Røed som er huskomponist. Vi tok ein prat med Lyder på Victoria under den siste øvinga før konserten tysdag 26. februar.

Nyheter

Årets unge jazzmusikere på norgesturné

Den unge og energiske Trondheimstrioen I LIKE TO SLEEP ble kåret til Årets unge jazzmusikere 2018 under Moldejazz i fjor sommer, og i mars legger bandet ut på norgesturné.