Intervju

Knut Kvifte Nesheim og det klingande målet

Trommeslagar og komponist Knut Kvifte Nesheim er klar med sitt andre verk for OJKOS. Over ein kaffi på Kulturhuset, kom vi fort inn på prosessen frå improvisasjon, via interessante feil, til idé, til komposisjon, via improvisasjon igjen og heilt fram til det klingande som møter publikum på Victoria tysdag 26. oktober.

Av Torkjell Hovland

– Skissene er stort sett basert på ting eg har improvisert fram, rytmiske idear på trommene og slikt.

Ei av metodene Knut brukar, er at han gjer opptak av improvisasjonar, og transkriberer frå desse. Knut fortel at han har vore oppteken av det form denne gongen. At komposisjonane ikkje skal vere for eksempel A-B-A, men at musikken skal gå vidare i variasjonar: – Det kjem jo frå å jobbe med improvisasjonsmusikk, der må ein alltid vidare. Du kan ikkje kome tilbake, men den staden ein er, er resultatet av alt ein har gjort før.

I denne måten å jobbe på, ligg det også potensiale for å finne idear i alle “feila” ein spelar, meinar Knut:
– Eg trur det var Carla Bley som sa noko om det – at ho berre ventar på at det skal komme ein feil, for det er der det skjer noko.

Men kva skjer i overgangen frå improvisasjon til komposisjon?
– Eg likar veldig godt det spenningsfeltet. Målet mitt er at musikken finst i symbiose mellom improvisasjon og komposisjon. Det noterte er noko veldig ufullendt – det er mykje klangmessig og samspelsmessig som er vanskeleg og ikkje hensiktsmessig å skrive ned. Som komponist likar eg å lage nokre rammer og strukturar for improvisasjon.

Og for å fylle rammene på ein god eller meiningsfull måte, krevst gode musikarar:
– Det er jo det store paradokset ved å skrive for jazzmusikarar, eller moderne musikarar. Dei er jo ekstremt dyktige til å improvisere, noko eg vil legge til rette for at dei skal gjere, samtidig som eg vil få fram ein visjon om eit sound. I bunn og grunn er det det klingande som er målet. Og då burde det vere det same for meg om ein kjem dit via improvisasjon eller komposisjon. Eg har nok blitt noko meir pragmatisk der.

For å kome dit, kan det vere utfordrande å forklare med ord også:
– “Knitrande”, “Skittent” – det kan vere klart i mitt hovud, men treffe heilt annleis i andre musikarar. Nokre blir forvirra, medan andre tek det med ein gong.
Haha, ja – er det nesten betre med konkrete ting – “litt sånn hubro, veit du”?

– Hehe, aj det er jo typisk då, at ein snor seg rundt med alle moglege forklaringar, og så landar ein på “Litt sånn som det opptaket med..:” Åja, sånn ja.

Ein annan ting Knut er medviten på før konserten, er at kvar enkelt musikar skal ha ein funksjon, ein plass og verdi, i musikken, fortel han. Også i eit fulltallig OJKOS.

Så det ligg også eit sosialt aspekt ved det å skrive for orkester?
– Ja…Altså, eg har ein klar idé om at musikken blir betre av det også. At desto gøyare og meir meiningsfullt musikaren har det, desto betre blir det musikalske resultatet. At ein set kvar enkelt i ein posisjon der dei vil gi alt, då.

Så for å oppsummere: komposisjonen handlar kanskje meir om ei slags tilrettelegging for musikken enn ein kontroll av ideane?
– Ja, kanskje. Det er samtidig ikkje mange stadar der det er heilt frislepp, men det er nok eit sånn semi-frislepp. Gi nokre få føringar om kvar vi skal, dette kjem til å skje, så løyser de resten. Blir det for lite så blir det retningslaust og kjedelig, men blir det for kontrollert blir det også kjedelig. Det er ein balansegang heile vegen.

– Vi har desse rammene, desse låtane, og så handlar det om å skape ein energi i det rommet. Det er jo ein dynamikk som er lettare å få til i mindre band, men med OJKOS så er vi så heldige å ha spelt så mykje musikk saman at vi kan jobbe slik i eit stort ensemble.

Vidare framover då? Kva skjer utanom OJKOS?
– Eg driv mellom anna og skriv musikk for gamle mekaniske instrument saman med improviserande musikarar – sjølvspelande piano, speledåsar og liknande, som står på Ringve musikkmuseum i Trondheim. I tillegg jobbar eg med ei duoplate med Martin Tonne, og ei plate med solo trommer og vibrafon.

Knut er dessutan med og driv plateselskapet Taragot Sounds, som etter rykta skal gi ut to sabla bra jazzplater i haust med bandet Bear Brother, i tillegg til Camilla Hole og Johannes Solvangs OJKOS-prosjekt!


Konsert: OJKOS spiller: Knut Kvifte Nesheim

tirsdag 26. okt. kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 150 / 100

Henriette Eilertsen – fløyte, Camilla Hole – saksofon, Tina Lægreid Olsen – saksofon, Tancred Heyerdahl Husø – trompet, Richard Köster – trompet, Lyder Øvreås Røed – trompet, Magnus Murphy Joelson – trombone, Andreas Rotevatn – trombone, Johannes Fosse Solvang – trombone, Arne Martin Nybo – gitar, Mike McCormick – laptop, Kristoffer Fossheim Håvik – piano, Alexander Hoholm – bass, Knut Kvifte Nesheim – trommer og vibrafon

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd og Oslo kommune.

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut - cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!