Intervju

Klanglige minner fra Bendik Sells og Oslo 14

Komponist Bendik Sells har komponert for det improviserande vokaleensemblet Oslo 14 som urframfører verket “Snow, Wind and Whale” i Vigelandsmausoleet laurdag. Korleis lét ni stemmer sine klanglege tolkingar av snø, vind og kvalsong?

av Torkjell Hovland

– Verket bygger på ei forteljing om ein planet der hava er frosne og verda livlaus. Gjennom tunnelar i isen renn det vatn, og i ulike hólrom kan ein høyre minna frå ei klingande verd.

Komponisten Bendik Sells har brukt lydopptak frå forskarar som har dokumentert denne klingande verda og skapt rammer for improvisasjonar med utgangspunkt i dei. Sjølv er han mest oppteken av å lære å lytte.

Konserten er eit resultat av samarbeid med Ny Musikks komponistgruppe og Oslo 14. Sells ser på det som eit privilegium at han som komponist sjølv syng i ensemblet:
– Stykket har tatt form saman med ensemblet.

Visste du at det var Mausoleet musikken skulle framførast då du byrja å skrive?
– Ja, eg har hatt det rommet i tankane heile vegen. Musikken og stykket er for meg et uttrykk for fantasien og utforskinga av lyd som oppstår med dei visuelle bileta som blir eit skapande utgangspunkt når ein saman improviserer i eit klangrom – eit rom der lyden får sitt eige liv og fangar den i eit lydlandskap der lyttaren verkeleg kan få oppleve stemma i sin unike fleksibilitet og formidlingskraft.

Nettopp fantasien er viktig for Sells. Han nyttar ordet fantasiverd når han skildrar det å jobbe med improvisasjon og komposisjon:
– Som barn var eg svært opptatt av fantasiverdenar og vart som mange før meg, fengsla og frigjort av dei klassiske historiene som bøkene heldt og som mine møter med natur har gitt meg.

– Tidvis har fantasien kanskje også vore ei redning, fortel Sells: – Min eigen barndom har vore prega av flytting mellom fleire fosterfamilier og ustabilitet. Improvisasjon og det fantasifulle blei nokre gongar det einaste stabile, spesielt i møte med andre menneske som ynskte å dele, eller ta del i kunstneriske møtepunkt.

Det ligg eit klimaperspektiv i stykket? Er det politisk?
– Eg skal ikkje legge skjul på at eg meinar at det er ekstremt viktig at vi tek vare på å beskyttar naturen. Eg synest det er viktig at vi som kunstnarar også finn vår måte å forholde oss til naturen på. Gjerne med ei tilnærming som både tek vare på fantasien i møte med naturen og korleis vi kan skape ein reaksjon på naturen.

– Det er også nokre økosofiske aspekt ved komposisjonsprosessen som er viktige for meg, spesielt ideen om at naturens tilstand ikke bare kan sjåast, men også høyrast.
Denne dimensjonen har Sells teke med i verket:
– Inspirasjonskjelda til lydane i dette stykket er difor orientert rundt det akustiske, uendra og ufiltrerte. Endringa, attgjevinga og forvandlinga av lyd skjer i det improviserte.

Bernie Krause sitt arbeid med dokumentasjon av økoakustiske habitat, er ein viktig del av inspirasjonen til denne måten å tenke på, forel Sells: – Og her er ein i byrjinga.

Ein annan viktig inspirasjon er Lasse Thoresen som har vore rettleiar for Sells på mastergraden hans: –  Hans arbeid med auditiv sonologi (læra om lyd), og hans kunstnariske virke har vore inspirerande. Sonologi inviterer til ulike måtar å lytte på.

– Mitt prosjekt er kanskje å få dei to verdenane til å møtast – komponistens fantasi og det personlege engasjementet for naturen.

Håpar du at publikum også skal reflektere over dette?
– Utvilsomt vil eg at dei skal ha ei oppleving. Utan at eg skal legge nokon føringar på akkurat kva dei har opplevd. Det viktigaste er at dei føler at dei har vore ein del av noko. Eg håpar å utfordre og stimulere fantasien til dei som kjem i mausoleet på laurdag.


Konsert:

Oslo 14
Bendik Sells
Eva Birgitte Storrusten
Gro-Marthe Dickson
Karoline Ruderaas Jerve
Live Foyn Friis
Margrete Skretting Bergset
Marika A. C. Schultze
Petter Hauglum Bermingrid
Åshild Bergill Hagen

framfører

Bendik Sells’ «Snow, Wind and Whale». Emanuel Vigeland mausoleum, Grimelundsveien 8, 0775 Oslo, laurdag 20. november kl 15 (utsolgt) og kl 1630 (få bill.). Forhåndssalg via Ticketco.

Vokalensemblet Oslo 14 drives av Østnorsk jazzsenter. Komposisjonen «Snow, Wind and Whale» er finansiert av Norsk kulturråd.

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar: Henriette Eilertsen

Prosessen med debutplata Poems for flute var intens og lærerik for Henriette Eilertsen. Ut av bobla kjem ho til OJKOS med heilt ny musikk.

Intervju

Knut Kvifte Nesheim og det klingande målet

Trommeslagar og komponist Knut Kvifte Nesheim er klar med sitt andre verk for OJKOS. Over ein kaffi på Kulturhuset, kom vi fort inn på prosessen frå improvisasjon, via interessante feil, til idé, til komposisjon, via improvisasjon igjen og heilt fram til det klingande som møter publikum på Victoria tysdag 26. oktober.