Intervju

Spontandans med OJKOS og Rotevatn

Endeleg blir det premiere på Andreas Rotevatn sitt andre tingingsverk for OJKOS – Mensa Rotunda!

Det har snart gått eit år sidan eit visst virus stakk kjeppar i hjula for urframføringa av Rotevatn sitt andre verk for OJKOS, Mensa Rotunda. Men hell i uhell gjer at ein no, til skilnad frå vanlege OJKOS-konsertar, kan høyre noko av musikken før ein kjem på konserten på Nasjonal jazzscene komande tysdag! Fyrste singel frå studioalbumet “Ridderrast” kom nemleg ut på Odin Records førre fredag, med ein påfølgane musikkvideo torsdag denne veka.

Korleis høyrest det ut, dette nye verket du har skrive for OJKOS?

– Noko fleire kritikarar skreiv i sine omtalar av det førre verket, alea iacta est, var at musikken var utprega dansbar. Og det hadde eg eigentleg ikkje tenkt so mykje over før eg las det, men i retrospekt er eg jo veldig samd. Det vil ein nok kjenne att i det nye verket òg. – På eit tidspunkt under øvinga på tysdag, spelte vi ein komposisjon som ikkje involverar heile bandet. Då stod plutseleg resten av bandet i ein slags spontan leikarring, med ei fri tolking av ein reinlender eller noko. So om vi er heldige, og regjeringa får litt fart på opninga av samfunnet, so kan ein kanskje danse litt under konserten òg?

Var sjølve prosessen annleis denne gongen?

– Ja, det vil eg absolutt seie. Sist verk var ei blanding av heilt nye komposisjonar, og idéar som eg hadde hatt liggande i skuffa ei stund. Dei gamle idéane vart jo leita fram for ein grunn, dei hadde liksom noko ved seg som eg tenkte fortente å sjå dagens lys. Men sidan det var fleire år mellom opphavet til låtane, so vart det samla uttrykket kanskje vel schizofrent? – Altso, det er jo musikken framleis. Litt flåsete seier eg at musikken ligger ein stad mellom Stravinskij og Avicii, so det vert ein variert meny òg denne gongen. Men til Mensa Rotunda komponerte eg all musikken i laupet av i underkant av eitt år. So låtane gjev kanskje meir meining saman, og har eit klårare slektskap.

Har nedstenginga i 2020/-21 påverka musikken din utover det reint praktiske og
økonomiske?

– Pandemien har faktisk vore opphav til ein av dei mest produktive periodane mine som komponist – eg har ikkje laga so mykje ny musikk, og hatt ei sånn skapartrong på noko slikt som 10 år!
– Og merkeleg nok har musikken eg har komponert under pandemien vore påfallande meir energisk, meir utadvendt og oftare i dur. Kanskje ikkje det ein intuitivt ser for seg under ein uvanleg treig, depressiv og mørk del av verdshistoria?

– Men på den andre sida, for meg er jo det å skape musikk ein slags flukt frå kvardagen. Det å gå inn i ei verd som skil seg frå det sedvanlege, og som derfor er ein kommentar, ein motsats eller parafrase på dagleglivet. So når livet kokte for fullt før pandemien, var det kanskje ein motsats å gå inn i noko meir roleg og ettertenksamt. Men når livet er på pause, er jo motsatsen musikk som er full av liv! – So kven veit, om eg skal gjette på kva som skjer med musikken som kjem ut av pandemien, so held eg ein knapp på ein ny sjanger med veldig høg energi og livsglede!

Sidan oppstarten i 2018, har OJKOS vore eit svært produktivt ensemble både på konsert og i studio, og eg reknar med at de etterkvart har vorte godt kjend med kvarandre som musikarar. Korleis har dette påverka komponeringa og balansen mellom det planlagde og det spontane?

– Det er jo eit veldig privilegium å skrive for ein gjeng ein kjenner so godt. Då kan ein ta større sjansar og kalkulerte risikoar i musikken, som ein ikkje kan om ein skriv til nokon ein ikkje kjenner. Eit typisk døme på det, er denne prosessen eg var gjennom ved fleire høve under komponeringa: “Hmm, kva i alle dagar skal eg gjere for å skape ein smooth overgang til neste sats” – prøver ut 17 ulike versjonar i Sibelius – løsnar aldri – skriver oppgitt “berre lag ein digg overgang frå d-moll til Ab-dur” til musikaren – første øving kjem, og musikaren serverer ein utsøkt overgang, på ein måte som eg aldri ville ha kome på – problem løyst.

Til slutt, kva håpar du at publikum tenker når dei ruslar ut i nattekulda etter konserten din på Victoria Nasjonal jazzscene på tysdag?

– “Aaah, so deilig å vere på konsert, og so deilig at verda vaknar til liv igjen!”
– Kanskje musikken klarar å formidle livsglede og von for framtida? Og at ein kjenner at ein har fått eit påfyll av energi. Altso, at musikken har gjort det musikk kan best – å gje livet det lille ekstra som gjer at livet er godt å leve.


Konsert: OJKOS spiller: Andreas Rotevatn

tirsdag 15. feb. kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 170 / 120

Henriette Eilertsen – fløyter og komposisjoner
Camilla Hole – sopransaksofon
Tina Lægreid Olsen – bassklarinett og barysaksofon
Lyder Øvreås Røed – trompet
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Torstein Slåen – gitar
Mike McCormick – gitar og laptop
Martin Gjerde – rhodes/synth
Alexander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – vibrafon
Elias Tafjord – trommer

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut - cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!