Intervju

OJKOS spelar Mike McCormick: CONTROL STRUCTURES

Mike McCormick avsluttar sine fire år i OJKOS med konsert for laptop og storband. Kom til Victoria tysdag 26. april og høyr menneske i samspel med algoritmene.

av Torkjell Hovland

– Puh, det er framleis mykje å fullføre!

Mike McCormick sit i skrivande stund på Kulturhuset i Oslo, djupt fokusert på laptopen og skriv dei siste kodene til konserten.
Han har bakgrunn i jazz, men har også bakgrunn i programmering, elektronisk musikk.
– Bandet og musikarar eg møter, skjønar kanskje ikkje heilt kva eg driv med, så denne gongen ville eg lage musikk som viste kva moglegheiter som ligg i programmeringa.

Dei siste to åra har eit av Mike sine hovudprosjekt vore bandet YAWN:
– Der har vi jobba ein del med at laptopen styrer bandet via klikk på “in ear monitor”, lyssignal og digitale forsterkarar som styrer lyden.

Mike har jobba med det tekstbasert programmeringsspråket Super Collider og har med YAWN laga eit klikkspor-system.

No ville han prøve ut konseptet i ein større samanheng, og slagverkar Oskar Johnsen Rydh i Yawn blir med både som musikar og skal ha teknisk ansvar under konserten – det er nemleg eit enormt arsenal av teknikk som skal med: – Det var viktig for meg å ha Oskar med fordi han kan alt utstyret og er van til å spele med klikk på denne måten. Alle i bandet skal spele med in ear-monitor med klikk-spor og sjefen sjølv, Mike skal stå på ein “riser” i salen som ein dukkemeister med laptopen.

– Ein kan kalle det ein konsert for laptop og storband.

Han skriv notane først, og så lagar han koder som spelar klikkspor. Korleis får ein til eit temposkifte heilt tight. Fire forskjellige tempo samtidig.

– Det interessante er å sjå kva musikk ein kan lage som ikkje hadde vore mogleg utan laptopen.

Det musikalske råmaterialet er henta frå elektroniske sjangrar, jazz, metall og støy: – Trance-lydar og påverknad av japansk glitch-musikk, Lasse Marhaug, Merzbow. For eksempel.
– Dialogen mellom reine akustiske lydar og elektroniske lydar er spesielt interessant når eg gjer dette med OJKOS.

Kompositorisk jobbar Mike som oftast frå toppen og ned, ein overordna idé kjem gjerne først: – Eg ville ha ei etude i ringmodulation, og ei metallåt for eksempel. Eg veit kva låt eg vil ha, og så jobbar eg nedover der frå.

Namnet Control structures: – I programmering snakkar vi om program flow som handlar om korleis eit program skal agere. Om x er mindre enn ti, gjer dette og ikkje dette. Så alle låtane er basert på slike kontrollstrukturar.

Dette kan også vere overførbart til kontrollstrukturar som fins i samfunnet, meinar Mike: – Organaisasjonar og maktstrukturar.

– Det blir ikkje berre ein konsert, men også ein slags “Ted talk” med ei “Siri”-aktig stemme som vil snakke om låtane.

Dette blir Mike McCormick sitt siste prosjekt med OJKOS.
– Min swansong, kan du kanskje seie, hehe.
– Vi har sagt at alle kan vere med mellom fire og seks år, så det var naturleg å gi seg no.

Kva har desse fire åra med OJKOS betydd for deg?
– Spesielt under korona var det veldig viktig for meg. Eg har fått utvikla meg veldig ikkje berre som gitarist, men óg som laptop-musikar.

Og kvar håpar du at OJKOS skal gå.
– Eg håpar jo veldig at OJKOS kan reise ut i verda. Vi har spelt inn fleire plater og fleire konsertar, men det er noko anna å reise ut saman. Det er på tide å “take the show on the road”.


Konsert: OJKOS spiller: Mike McCormick

tirsdag 26. april kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 170 / 120

Henriette Eilertsen – fløyte
Camilla Hole – saksofon
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Tina Lægreid Olsen – saksofon
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Knut Kvifte Nesheim – vibrafon, foley
Arne Martin Nybo – gitar
Alexander Hoholm – bass
Oskar Johnsen Rydh – trommer
Mike McCormick – laptop

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyheter

OJKOS søker nye medlemar

OJKOS er eit komponist-kollektiv for skapande utøvarar, der kvart medlem skriv og får framført sin musikk mot å spele andre sine verk. No opnar vi opp for søknader for å fylle ledige plassar i ensemblet i to puljer fra hausten 2023 og våren 2024.

Nyheter

Påmeldingen er herved åpnet!

Nyvinningen Jazzkurs 2023 blir garantert tettpakket med samspill og musikk nærmest døgnet rundt, når jazzpedagogene Shannon Mowday, Gunnar Halle og Steffen Granly inviterer unge musikanter fra hele landet til fem dagers intens jazzcamp i juni.