Intervju

OJKOS spelar Tancreds distraksjonar

Trompetist Tancred Heyerdahl Husø har dyrka dei små ideane i sin nye musikk for OJKOS.

Av Torkjell Hovland

Tancred Heyerdahl Husø presenterer ny musikk med OJKOS på Victoria Nasjonal jazzscene (20.09) – med låttitlar som «Distraksjon i F-dur»:
– Eg ville jobbe med kortare stykker, rastlaus musikk.

– Det er på mange måtar eit framhald på det eg gjorde sist, med inspirasjonar frå hip hop og groovebasert musikk. Men også europeisk kunstmusikk og tradisjonelle storband-arrangering.

Frå hip hop-verda har for eksempel produsenten Madlib vore ein inspirasjon, som gjerne gir ut plater med korte snuttar. Men musikken til Tancred står i ei tradisjonell storbandinstrumentering.
Frå jazzverda sette ein konsert med Sebastian Gramss Fossile 3 seg, med Rudi Mahall og Etienne Nielsen: – Dei spelte eit veldig «snuttete» sett hugsar eg, som eg likte veldig godt. I tillegg har eg høyrt ein del på progrock-bandet Gentle Giant som er veldig rastlaus musikk.

Ein raud tråd i musikken til Tancred er nemleg det rastlause – distraksjonane og avbrytingane i kvardagen vår – notifications, sosiale medier, mobilspel og så vidare. Og heilt andre forstyrrande element: – Ein dag eg skreiv på musikken, vart eg avbrote av eit munnspel utanfor. Personen som spelte gav seg ikkje på lang tid, og det var inga låt, han blåste berre inn og ut. Så eg skreiv det inn i ei av låtane faktisk.

Sjølv om Tancred har musikken nærast hjartet, byrja han i 2020 på ingeniørutdanning ved sidan av musikaryrket:

– I byrjinga var det veldig deilig å ha noko heilt anna, og eg følte eigentleg det gav meir overskot i musikken også. Ein får sjølvsagt ikkje like mykje tid til eigenøving og utvikling, så det er jo opp-og-nedsider. Men eg føler eg treng å ha noko anna for å ha inspirasjon i musikken.

Forøvrig i år dukkar han i ulike besetningar her og der, mellom anna med publikumsfavoritt Fagernes Yacht Club, sist på eit utseld Sentrum Scene som avslutning på Øyafestivalen.

Tancred er glad i humor i musikken, og etter eit samarbeid med Django Bates og Bergen Big Band vart øyrene opna for Bates og Human Chain.

Madlib, Django Bates, Gentle Giant og Rudi Mahall – der har du gøyal krysspollenering! Det er berre å kaste vekk alle distraksjonar å kome seg på Victoria.


Konsert: OJKOS spiller: Tancred Heyerdahl Husø

tirsdag 20. september kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 170 / 120

Henriette Eilertsen – fløyte
Camilla Hole – saksofon
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Kristoffer Lippestad Dokka – saksofon
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Bjørn-Even Bjarkli Verbeke – piano
Arne Martin Nybo – gitar
Alexander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer

Komposisjonen og konserten er støttet av Norsk kulturråd, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Magnus Murphy Joelson 2.0

Ein ny generasjon er i ferd med å ta over i plassane i OJKOS, og no har Magnus Murphy Joelson skrive sitt siste verk for OJKOS før han går ut av rekkene. Vi har tatt ein prat med Magnus om døgnrytme, musikk og metode i forkant av urframføringa på Nasjonal jazzscene tysdag 28. nov.

Intervju

Rom rundt lyden – Torun Eriksen med sangsyklus for Oslo jazzensemble

Hvordan finner teksten sin plass i et lydlandskap hvor det er ganske mye å snuble i? Sist uke fikk Skiensjazzdraget høre et ekstraordinært musikalsk format da Torun Eriksen og Oslo jazzensemble urfremførte sangsyklusen Lydogram. Senere i oktober står Oslo, Moss og Arendal for tur.