Intervju

OJKOS spelar Arne Martin Nybo

På tysdag framfører OJKOS for andre og siste gong musikk av gitaristen Arne Martin Nybo. Denne gongen er musikken friare. 

Av Torkjell Hovland

– Det er fri improvisasjon med nokre rammer. Eg har skrive små snuttar og melodiar, og i tillegg nokre instruksjonar i tekst. Men utover det er det veldig ope.

– Så eg er veldig spent, for eg veit jo ikkje heilt korleis det blir – men eg trur det blir bra då.

Som oftast tek OJKOS for seg eit omfattande gjennomkomponert materiale, der øvingane går med på å få det til å sitte. Denne gongen vart det jobba på ein annan måte.
– Bandet tok det veldig bra. Vi har gjort grafisk noterte ting før, men ikkje i ei så stor grad.

Forma i musikken har utgangspunkt i ei punktleg sjølvhjelpsliste med steg àla 12 steps-program.
Er det nokre spesielle inspirasjonar du har høyrt på denne gongen?
– (han dreg lenge på det)…ikkje eigentleg, men eg har høyrt mykje på punk og hardcore i det siste då. Mykje hardt og mørkt kanskje. Men det er ikkje noko eg direkte har knytt opp til dette prosjektet.

Er det likevel ein energi frå det som blir med inn i musikken?
– Ja, det kan du kanskje seie. Det blir ikkje gladjazz på tysdag iallefall.

Arne Martin Nybo er mellom anna aktiv med Fela Kuti-inspirerte bandet Beats of no Nation, Vestfold Jazzensemble og har også gitt ut duoplate med poeten Ulrik Ravn. I tillegg er han sentral i plateselskapet Smeik Records, både i styret og har miksa fleire av platene.
– Vi håpar på å kome med ei plate med Beats of no Nation I januar!

No er Nybo inne i sitt siste år med OJKOS og konserten på tirsdag blir det siste OJKOS gjer med Nybos musikk.

Kva har OJKOS betydd for deg?
– Det har vore ei trygg havn, eigentleg heile vegen som eg har vore frilansar. Og så har eg blitt mykje betre på notelesing då, hehe.

Er du ferdig med store besetningar no – det er for så vidt kanskje ikkje praktisk reellt å få til utanom ei slik institusjonell ordning…?
– Nei, då trur eg du skal skrive ein haug med søknadar iallefall. Men ja, eg er vel dessutan gira på å gjere litt andre ting no, sjølv om det har vore veldig fint å jobbe med eit slikt stort ensemble,

I tillegg til den faste besetninga har Nybo fått med ein ekstra trommis i Henrik Håland, Martin Gjerde på rhodes, Jørgen Mathisen på fiolin og Axel Røed på saksofon.

– Det er deilig å gjere det fritt no. For ensemblet, men også personleg. Det er ikkje så ofte eg får moglegheita til å spele free bag live, sjølv om eg er glad i å gjere det mykje sjølv.

Ja, det er kanskje ikkje der pengane ligg.
– Nei, ein spelar ikkje free bag taffel liksom. Hehe – det er jo for så vidt ekte klasse då, liksom over dei som har standard taffeljazz, når du har free bag i bakgrunnen. Og drikk noko heilt anna

Etter litt stillheit seier Nybo: – Men eg anar jo ikkje korleis det blir.

Og der ligg spenninga i fri-improvisert musikk. Ein anar jo ikkje kva det blir.

– Det gir jo ein ekstra nerve i spelet når ting er så ope, så eg trur det blir fint.

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Sigrid Aftret – inspirert av biletkunstnar Anna-Eva Bergman

Saksofonist og komponist Sigrid Aftret gav tidlegare i haust ut debutplata med bandet sitt Bêl som vart teke i mot med begeistra øyrer frå kritikarar og publikum. No er ho fersk i OJKOS, og tysdag 29.11 får vi høyre hennar første tolking av orkesteret. Vi ville høyre med Aftret om ho kunne fortelje om kva vi får høyre denne dagen.

Nyheter

Påmeldingen er herved åpnet!

Nyvinningen Jazzkurs 2023 blir garantert tettpakket med samspill og musikk nærmest døgnet rundt, når jazzpedagogene Shannon Mowday, Gunnar Halle og Steffen Granly inviterer unge musikanter fra hele landet til fem dagers intens jazzcamp i juni.