Seksti unge jazzmusikarar spelar ei rekke konsertar på Kongsberg jazzfestival, Moldejazz og Blow Out festivalen.
Endeleg er sommaren igjen her og jazzfestivalene ligg som perler på ei snor. Dei aktive jazzungdommene i Østnorsk jazzsenters ungjazzensembler skal spele ei rekke konsertar i Kongsberg jazzfestival, Moldejazz og Blow Out festivalen.
Først ut er Buskerud ungdomsjazzorkester, 18 unge buskerudjazzarar under leiing av trompetist Magnus Aannestad Oseth og tubaist Steffen Granly. Dei har hatt ein tre-dagers workshop i forkant av Kongsberg jazzfestival og opnar like greit heile festivalen med parade og eit par nummer på opningsfesten saman med festivalens eige paradeworkshopband. Deretter spelar Buskerud ungdomsjazzorkester ein eigen konsert i Festivalgata laurdag 8. juli. kl 15:30.
På Kongsberg spelar også Ungdommens improorkester, ca 10 unge musikarar fra Oslo og der omkring som improviserar og spelar på øyret under leiing av fløytist Henriette Eilertsen. Dei spelar ei god blanding av raffe låtar og rein improvisasjon i Jazzboksen fredag kl 14. Denne gjengen kan du også vere så heldig å høyre i Alexandraparken på Moldejazz fredag 21. juli kl 12 før dei avsluttar festivalsommaren med eit improvisert sett saman ringrevane i Lemur på Blow Out festival i Oslo fredag 25. august kl 20.
Til Molde kjem også Ung vokal, 8 unge vokalistar fra austlandet under leiing av Karoline Wallace. Dei syng ei blanding av nyskrevne arr og duggfrisk improvisasjon i Alexandraparken fredag 21. juli kl 13:15. Og til slutt kan du høyre Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester, 18 unge jazzmusikantar fra, ja, Akershus og Oslo, under leiing av trommeslagar Olav Abildgaard. Dei spelar Abildgaards fengande og rytmisk komplekse komposisjonar i Alexandraparken laurdag 22. juli kl 12:45.
- 05.07 Buskerud ungdomsjazzorkester – parade @ Kongsberg jazzfestival
- 07.07 Ungdommens improorkesteret @ Kongsberg jazzfestival
- 08.07 Buskerud ungdomsjazzorkester @ Kongsberg jazzfestival
- 21. 07 Ungdommens improorkester @ Moldejazz
- 21. 07 Ung vokal @ Moldejazz
- 22.07 Akershus & Oslo ungdomsjazzorkester @ Moldejazz
- 25.08 Ungdommens improorkester @ Blow Out
Vel møtt!
Østnorsk jazzsenter driver ungjazz-virksomheten i samarbeid med Buskerud musikkråd og Norges musikkhøgskole, med tilskudd fra Sparebankstiftelsen DNB, Frifond, Musikkens studieforbund, Norsk jazzforum, Norsk musikkråd KOMP, Viken fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune og Oslo kommune.