Intervju

OJKOS spelar Magnus Murphy Joelson 2.0

Ein ny generasjon er i ferd med å ta over i plassane i OJKOS, og no har Magnus Murphy Joelson skrive sitt siste verk for OJKOS før han går ut av rekkene. Vi har tatt ein prat med Magnus om døgnrytme, musikk og metode i forkant av urframføringa på Nasjonal jazzscene tysdag 28. nov.

Av Torkjell Hovland

Magnus Murphy Joelson leverte eit partitur til KORK klokka 6, så eit morgonintervju kl 9 på Tranen, med «Hallelujah» som bakgrunnsmusikk – imponerande!

– Eg er ein av dei som blir kreativ om natta. No er det så mykje som kokar, at eg berre har omfamna den døgnrytma, eller mangelen på den rettare sagt.

Magnus fortel at det er tida som er frigitt til å skrive for OJKOS som har invitert til eit så liberalt syn på klokkeslett den siste månaden.

Parallelt med konserten, slepp også OJKOS og Magnus ein single på plateselskapet SMEIK frå det førre verket han skreiv for OJKOS – «Noe gøy på M»:

– Den er jo på over tjue minutt då, så single?

Haha, ja «Radio Edit».

Varme tal

– Eg har alltid vore glad i å skrive musikk inspirert av minner. For eksempel slik som no kunne eg tenkt om denne situasjonen som eit fint minne, eller en spesiell ting du sa, og så fordi Hallelujah stod på i bakgrunnen, så brukar eg eit element frå den låta, eller eit tal på ein eller annan måte – for eksempel… Så eg har vore opptatt av referanser og tall som er varme – det er ikkje kalde tal – det er jo det fine som er det sentrale.

Denne gongen ville han gå litt vekk frå noko av måten han før har jobba konseptuelt. Han forklarer at han denne gongen ikkje har vore så rigid på å gjennomføre konsept, men heller har vore oppteken av å få fram effekten han vil fram til for lyttaren.
– Det er meir låtbasert no. Eg har gått til den lange lista av låttitlar eg har liggande, men som aldri har blitt noko av. Og grunnen er forøvrig at med mega-tydelige konsept bak ei låt gir ofte tittelen seg selv litt sjølv, iallefall omtrentlig. Men når det «berre» er ei låt, så kan den heite kva den vil, og eg kan endelig ta fra den 198 låttitler lange lista mi!

«Hviskeleken – explained», for å trekke fram eit av høgdepunkta frå tysdagens konsert.

– Og så er eg veldig glad i brå skifter, og at elementa i musikken stikk seg ut i mengda, heller enn å gli inn.

Magnus er blant dei siste som har vore med frå starten som sluttar no, og det aspektet spelar også med i skrivinga.
– Det er for eksempel siste konserten til trompetrekka of my dreams – Tancred, Lyder og Richard – då har eg lyst å skrive noko som dei berre kan fyre laus i for eksempel.

– Det er ein gøy og rar overgang på mange måtar. Det er jo fem år der dette har vore ein arbeidsplass å gå til. Vi har fått lov å vere på victoria og hengt vilt mykje saman, og laga fleire tusen minutt musikk. Det blir spesielt å gå ut av det.

– Vi har tulla litt med at vi skal fortsette å møte opp kvar tysdag klokka 1530 for afterwork-pilsen likevel.

Men fleire av prosjekta har fått sitt eige liv, og det er allereie snakk om gigs med eit av desse neste år. Difor blir det nok ikkje siste gong Magnus spelar med sine kollegaer i OJKOS.
– Eg vart veldig glad når eg fekk den meldinga – ah, det finst heldigvis eit OJKOS etter dette også! Det kan jo plutselig vere aktuelt for mitt prosjekt også.

Min teori er at dei som startar no kanskje opplever at dei kjem til ein etablert institusjon, og kanskje forventar meir, medan de som «gründa» det har hatt eit mykje meir dugnadsforhold til det…?
– Nei, tvert i mot! Dei har vore så gira og initiativrike! Det har vore veldig friskt også for oss som var med frå starten. Det er nesten slik at det er vi som har grodd fast i arbeidssituasjonen.


Konsert: OJKOS spiller: Magnus Murphy Joelson

tirsdag 28. november kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 220 / 170 / 120

Andrea Silvia Giordano – fløyte/vokal/elektronikk
Tuva Halse – fiolin
Andrine Dyblie Erdal – cello
Maria Dybbroe – saksofon
Sol Léna-Schroll – saksofon/klarinett
Friden Tolke – saksofon/klarinett
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Martin Lee Thompson – euphonium
Arne Martin Nybo – gitar
Aleksander Hoholm – kontrabass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Intervju

OJKOS spelar Andrine Dyblie Erdal

I den nye OJKOS-stallen frå 2023 er det ein som skil seg litt ekstra ut - cellisten Andrine Dyblie Erdal har bakgrunn frå den klassiske musikken og er utdanna i orkesterdireksjon frå Norges Musikkhøgskolen, og starta orkesterinteressen i ung alder i Nordstrand ungdomsorkester. No har ho skrive sitt første verk for OJKOS!